I Vestlandsnytt fredag den 24. mars so visar Karl Oskar Sævik seg fram, og tilbyr seg å rette opp alle feila til dei andre politikarane i Herøy. Han identifiserar til og med kva som er problemet, nemleg kaiene på Mjølstadneset. Han vél å ta avstand frå satsinga som kommunen har gjort der. Eg vil berre signalisere at eg har stemt for alle desse prosjekta, og eg heiar på dei som prøver å skape vekst der. Kaiene på Mjølstadneset er vekst, og ein del av framtida til Herøy kommune.

Lite seier han om dei prosjekta som han frontar, og på død å liv skulle ha igjennom. Eg kan nemne å bygge eit nytt rådhus til 70 millionar, eller kva med å forskotere miljøoppryddinga i Fosnavåg hamn? Den karen blunka ikkje eingong når kommunen sin del av kostnaden bikka 160 millionar kroner. No stikk han hovudet fram og «tilbyr trygg økonomisk styring», som han seier det sjølv. Eg vil berre minne karen på at rekneskapet for 2022 syner 18.8 millionar kroner med overforbruk i forhold til budsjettet han sjølv var med på å lage hausten 2021. Kvifor delte han ikkje all kunnskapen sin med oss då?

Kommunedirektør Aglen har ein jobb å gjere når det gjeld kaiene på Mjølstadneset. Han er tross alt Herøy sin viktigaste og mest aktive politikar. Vi klarer framleis ikkje å krevje inn dei avgiftene vi har rett på ved kaidrift. Kaier er ikkje ein kostnad, men ei inntektkjelde.

I 2022 observerte eg at ein bulkbåt lasta tare der 6 gongar. Denne båten lastar 2500 tonn. Denne båten aleine skulle ha betalt kring kr. 90 000,- i varevederlag, om vi faktisk kravde det. Det at leiaren i FrP framstår som industri- og næringsfiendtleg er litt skremande. Tenk om politikarane på 90-talet ikkje la til rette for Egersund Herøy. Det er dette Karl Oskar er mot, men nytt rådhus er vegen å gå for han. Bedrifta blir skattlagd nasjonalt, og Herøy kommune ser ikkje noko av dei pengane, men dei gjev ca. 30 personar ei god og sikker inntekt. Desse personane sin personskatt kjem Herøy kommune til gode. Om 30 personar betalar kr. 150.000,- i snitt i skatt, so er det 4.5 millionar kroner i året. Dette har dei levert til Herøy kommune sidan 1998. Eg synest det vert heilt feil å kritisere denne satsinga slik Karl Oskar gjer.

Det Karl Oskar gjer med sitt framstøyt, er å gå i krigen mot Fosnot. Dei vil han gje andre konkurransevilkår enn det vi har gitt til Egersund Herøy. Når kommunedirektøren får orden på sysakene sine, so kan vi få direkteinntening på kaiene. Herøy si tilrettelegging for Egersund Herøy er ei økonomisk suksesshistorie for kommunen. Vi må la Fosnot få gjere det likeins. Fosnot kan ikkje vekse og utvikle seg inne i Fosnavåg hamn. Samarbeidet med Selstad trål krev ei trålbane med lengde. Dette gjer vi ikkje for å være snille med eigarane av Fosnot, men fordi dei har planar om ei investering på Mjølstadneset, som igjen vil sikre inntekta til mange herøyværingar og gi Herøy kommune ei god og sikker skatteinntekt.

Eg heiar og på det nye «Cruisenettverket» i Herøy som jobbar for cruiseanløp på Mjølstadneset. Klarer dei dette, so kjem motstandarane til å stilne, og benekte at dei har vore mot denne satsinga. Ålesund kommune tek eit kaivederlag på kr. 1,13 pr. bruttotonn. Slik eg forstår satsinga, so er dette i hovudsak for ekspedisjonsfartøy. Dei er ofte i størrelseorden 20 000 til 30 000 bruttotonn. Eg har sjølv vore med på opninga av Måløy og Nordfjordeid som cruisehamner. Dei har fått ei eventyrleg utvikling. Dei har satsa på dei aller største fartøya kring 140000 bruttotonn. Det er berre å multiplisere det opp, so skjøner ein at dette legg pengar igjen til desse kommunene. Dette er altså det Karl Oskar motstandar av. Han har ikkje fått sett eit rekneark på dette var vell det han sa om saken. Handelstanden i Fosnavåg kan berre glede seg til dette, om dei lukkast. Det fine med cruiseturistar er at fartøya seglar igjen ca. klokka 1700, og dette er sikkert perfekt tilpassa opningstidene i Fosnavåg by.

Som kjent i budsjettforslaga so er skulestrukturen på nytt oppe, sjølv om dette vart evaluert i 2021, då med konklusjonen at her var det ingen ting å spare. Herøy kommune får kr. 118.000,- pr. elev for å drifte skule for staten. Byrjar elevane på privatskulen i Myrvåg, so er det dei som får desse inntektene, medan Herøy kommune må syte for transport og PP-tenesta også på privatskulane. At det skal løne seg å legge ned skular kan samanliknast med fyljande reknestykke; Det sit 10 sporvar på ein streng, ein jegar skyt ein av dei med hagle, og då sit der 9 igjen.

Dette er mine meiningar som eg tek med meg inn til mine politiske samarbeidspartnarar for 2023-2027 perioden, men ikkje nødvendigvis det felles programmet som vi landar på for perioden.

Herøy FrP sitt ettermæle for perioden 2019-2023 er «JA» til store kommunale bygg, og «NEI» til industriell satsing på langvarige arbeidsplassar i Herøy kommune.

Frank-Roy Moltu