Torsdag 9.mars var 115 medlemmar i Utdanningsforbundet Herøy samla til årsmøte ved Thon Hotel Fosnavåg. I tillegg til ordinære årsmøtesaker vart det også vedtatt to fråsegner som årsmøtet vil rette mot den største arbeidsgjevaren – Herøy kommune. Dette er to av mange viktige saker Utdanningsforbundet vil sette ekstra fokus på. Som så mange gongar før, peikar vi på kor viktig ein god barnehage og skule er for å bygge ei god framtid i og for Herøy.

Dagen etter eit innhaldsrikt og kjekt årsmøte, kunne vi dessverre lese ei dyster nyheit på Vestlandsnytt sine nettsider. No må vi atter ein gong fram med den skarpaste kniven, for her skal det verkeleg skjerast til inn beinet. Det skal sparast inn eit tosifra beløp, og berre kultur og oppvekst skal spare nesten 7 millionar. Vi som arbeider i oppvekst kjenner det stikk langt inn i hjarterota, for vi kjenner på kroppen kvar dag at vi ikkje har ei einaste krone å avsjå!

Eitt av forslaga på kuttlista som vart lagt fram, var å kutte lærarstillingar tilpassa norm. Norm vil seie at barn og elevar har lærar-/pedagogtettleik etter lova. Vi er opptekne av at barn og elevar har dette gjennom HEILE opningstida og i ALLE undervisningstimar, og at dei tilsette i lærarstillingar har rett kompetanse. Dei to fråsegnene årsmøtet har vedteke går nettopp på dette;

Nok bemanning i heile opningstida!

Barnehagelova § 26 seier dette om grunnbemanning i barnehagen:

«Bemanningen i barnehagen må være tilstrekkelig til at personale kan drive en tilfredsstillende pedagogisk virksomhet. Barnehagen skal ha minst én ansatt per tre barn når barna er under tre år og én ansatt per seks barn når barna er over tre år (…).

Alle barnehagane i Herøy har denne grunnbemanninga på papiret. Men å ha noko på papiret, tyder ikkje at det alltid er slik i praksis.

Dette er kvardagen:

• Pedagognorma har heldigvis vorte strengare, og det betyr også meir viktig plantid. Pedagogisk leiar eller barnehagelærar skal ha 4 plantimar i veka. Når ped.leiar/ barnehagelærar har plantid, vert det ikkje sett inn personell i staden for dei.

• Når det er møte med andre instansar, foreldresamtalar, avdelingsmøte og leiarmøte, vert det ikkje sett inn vikar.

• Opningstida er 10 t og 15 min. Dei tilsette arbeider 7,5 t. Berre mellom 09.00 og 14.45 er det full bemanning.

Desse punkta er eksempel der norma om grunnbemanning ikkje vert følgd, og dette er kvardagen i barnehagen!

Årsmøtet i Utdanningsforbundet Herøy vil at:

* Det skal løyvast nok midlar til at ein kan setje inn personell når pedagogane har plantid eller er på møter og kurs.

* Det skal løyvast nok midlar til å tilsetje fleire enn grunnbemanninga krev, for å dekkje opp når folk er sjuke. Det er nærast umogleg å få tak i vikarar.

* Det skal løyvast nok midlar til å auke styrarressursen, slik at styrarane får tid til å gjere den administrative jobben sin og leie det pedagogiske utviklingsarbeidet.

Berre lærarar er lærarar!

Det er viktig at alle som underviser i skulen har god, pedagogisk kompetanse. Vi ser ein stadig auke i bruken av undervisningspersonale utan godkjend utdanning. Det må bli slutt på å tilsetje «kven som helst» for å gjere jobben til ein lærar/kontaktlærar.

Læraren sine oppgåver har stadig vorte meir komplekse. At desse oppgåvene vert utført av personar utan undervisningskompetanse, vil få store konsekvensar for elevane, og det kan føre til store kostnader for kommunen på sikt. Ein snakkar om tidleg innsats, både i barnehagen og skulen. Det å setje inn personar utan rett kompetanse i staden for lærarar vil rive ned arbeidet med dette. Det er billegare å førebyggje enn å «slokke brannen» som oppstår i etterkant.

Vi ser at kvart år vert personar utan rett kompetanse tilsett i vikariat, også dei som går over lang tid. Å vere «ei båtlengd føre» vil i dette tilfellet seie å ta lærdom av situasjonen, og vere i forkant med å tilsetje fleire lærarar frå skulestart.

Det er viktig at vi samarbeider om å få slutt på bruken av ufaglærte; politikarar kan løyve meir lønsmidlar, arbeidsgjevar kan tilsette fleire pedagogar og Utdanningsforbundet kan vere med å framsnakke kommunen slik at fleire, gode lærarar vil arbeide i Herøy.

Årsmøte i Utdanningsforbundet Herøy vil at:

* Det skal løyvast nok midlar til å tilsetje fleire lærarar enn pedagogtettleiken krev, for å sørge for at alle elevar har lærarar i ALLE undervisningstimar!

* Det vert innført rutinar for å registrere tal på undervisningstimar som ikkje er utført av kvalifiserte lærarar i Herøyskulen.

Til slutt vil vi enda ein gong påpeike ansvaret Herøy kommune har som barnehage- og skuleeigar. Det MÅ sikrast nok ressursar til einingane – til undervisning, godt kvalifiserte lærarar og ein kvalitet på bygga som gir godt arbeidsmiljø og læringsmiljø. Vi er redde for at kuttforslaga vil gi eit så mykje dårlegare tilbod til barn og unge i Herøy at folk vil verken bu eller arbeide i vår kommune!

Beste helsing

Utdanningsforbundet Herøy