Det kan sjå ut som dei raude styrande partia i Herøy har bytta ut 10-årsplanane som sosialistane er kjent for, med 10 dageas planar. Er det nokon som hugsar kommunestyret i februar? Jo, det vart gjort endringar i budsjettet slik at det skal byggast enda ei kommunal kai på Mjølstadneset. På det tidspunkter hadde formannskapet allereide bestilt den såkalte kuttlista frå administr- asjonen, så her burde fleire tenkt seg om før ein gjekk så ivrig inn for å auke lånegjelda ytterlegare.

Når ein skal investere til inntekts ervervelse, så bør der ligge meir til grunn enn synsing frå politikarane si side. Eg har endå ikkje sett eit rekneark kor det syner eit resultat i kommunen sitt favør når det gjeld kai-investeringane. Her bør alle sosialdemokratar som har lyst å stemme på Arbeidarpartiet i haust, avkreve svar frå ordførarkandidaten sin, som har vore blant dei ivrigaste kai-byggarane. Noke anna å bite seg merke i, er iveren etter å innføre eigedomsskatt frå Arbeidarpartiet. Dei gjekk til val på å ikkje innføre den, men dei styrer målretta mot ein situasjon der ein kan ende med å ikkje ha noko val.

Det er på tide at ansvarlige politikarar tek over styringa i Herøy. Vi kan ikkje fortsette med ein slik uforutsigbar politikk. Både av hensyn til vår eigen administrasjon som ikkje veit kva dei skal jobbe med, og alle som skal forholde seg til kommunen som samarbeidspartner og tjenesteyter. Herøy FrP går til val på trygg økonimisk styring, stabilt og forutsigbart styre, og prioritering av kommunen sine viktigaste oppgåver, skule og helse- og omsorg.

Vi er komne i denne situasjonen fordi det einaste posisjonspartia kunne einast om valnatta september 2019, var at dei skulle kaste Høgre. Dei samla seg mot noko, og for ingenting, det er eit dårleg utgongspunkt.

Karl-Oskar Sævik

Ordførarkandidat for Herøy FrP