Som vi har sett lokalt og nasjonalt gjennom året som snart er slutt; stadig fleire nordmenn har hamna i pengekrise og treng hjelp for å få endane til å møtast. Mange bedrifter tel også på knappane.

I dag er det likevel ein del teikn til at økonomien kan vere på veg til å stabilisere seg og etter kvart betre seg. Både for bedrifter og privatfolk.

Rentenivået har truleg nådd toppen, og vil med tida kunne jekke seg ned igjen. Det vil i neste omgang kunne føre til betre tider for folk flest, og auka investeringslyst i næringslivet.

Vårt lokale næringsliv er avhengig av og dominert av offshore-, fiskeri- og verftsnæringa, med ei rekkje tilhøyrande bedrifter i ulike bransjar som på eitt eller fleire vis har med desse å gjere. Ved årsskiftet 2022 / 2023 registrerer vi ein fin optimisme både i offshore– og verftsnæringa. Det er veldig godt nytt for vår region. Fiskerinæringa er og blir ein berebjelke. Både tradisjonelt fiskeri og akvakultur går bra.

Ei av dei store utfordringane er faktisk mangel på arbeidskraft. Mange næringar formeleg skrik etter folk, og her vil det i åra som kjem kan bli eit veksande problem for bedriftene.

Og så var det kommunane, då. Der er det dessverre ikkje mykje lysteleg lesnad når det gjeld økonomien, verken i Herøy eller Sande. Kommunane utfører store og viktige oppgåver, spesielt når det gjeld pleie, omsorg og skule.

Men det er lite pengar å fordele på sektorane og dei dyktige fagfolka i ulike roller. All ære også til dei folkevalde, som stiller opp for oss alle og prøvar å gjere sitt beste. Likevel går dei inn i eit nytt år med hendene nærast bakbundne – med tanke på moglegheitene for nysatsing og investering. Eit tankekors.

Vanskane her på berget bleiknar likevel i høve til det som skjer i Ukraina og på Gaza. Måtte året som kjem bringe meir fred der det er krig og konfliktar i verda. Godt nyttår!