Som mange no veit, og har lese fleire stadar den siste tida, kom Suel til Noreg berre 16 år gammal i 2004. Han hadde då flykta frå borgarkrigen i Burundi, der foreldra og systera vart drepne, og heimen var under angrep. Dette fortalde han då han kom til Noreg, men han vart ikkje trudd. Sidan den gongen har han vorte forsøkt kasta ut av landet fleire gongar. Ikkje fordi han har gjort noko gale, men fordi han ikkje blir trudd.

Takka vere stor engasjement både heime og andre stadar i landet, eldsjeler som stod på, politikarar som tok til ordet, mange tusen underskrifter, og god advokathjelp, vart ikkje Suel sendt ut av landet tysdag 8. august. Han vart henta heim igjen frå det fengselsliknande Trandum, og tek saka si til retten om nokre månadar.

Der er framleis håp for at Suel kan få bli i Noreg. Og at han denne gongen kan få vere her på rett. Leve eit vanleg liv, og å ha moglegheit til å gjere vanlege ting som folk flest tek for gitt. Som å gå skule. Studere. Jobbe. Gå til legen. Stemme ved val. Og så mykje meir som ein ikkje har moglegheit til når livet er sett på vent.

Suel har venta i over 19 år, og han er ikkje den einaste som opplever dette i Noreg. Ifølgje statistikk frå UDI er det 210 menneske, med utreiseplikt, som har budd på asylmottak i over 10 år. Dette er berre dei som er registrerte, men der finnast òg andre som bur på private adresser.

Talet er kanskje ikkje så høgt, men om ein ser for seg 210 menneske blir det plutseleg mange likevel. Altfor mange. Dette er menneske som vel å ikkje reise ut av landet. Anten fordi dei ser på det som for vanskeleg eller risikabelt, eller fordi dei rett og slett ikkje har noko land å reise tilbake til. Desse menneska vel å bli i Noreg sjølv om dette betyr at dei ikkje har nokon rettar her. Det aleine seier sitt om situasjonen dei er i.

Eg meiner ikkje at alle som kjem til Noreg burde få opphald, men systemet vi har i dag er ikkje optimalt. Langt ifrå.

NOAS, Norsk organisasjon for asylsøkjarar, arbeidar for å fremje asylsøkjarar si rettssikkerheit i Noreg. Dei er i kontakt med mange menneske som har fått avslag på sin asylsøknad. NOAS seier at mange av desse opplever at risikoen ved retur blir undervurdert, eller at dei ikkje blir trudd i si forklaring på kvifor dei har behov for vern. Over halvparten av sakene organisasjonen tek på seg vert omgjort. Dette viser at systemet vi har i dag gjer altfor mange feil i saker der det handlar om liv. Dette er ikkje greitt.

I tillegg til endringar i gjennomgangen av asylsaker, trengst det endringar når det kjem til kor lenge menneske kan vere i Noreg utan rettar. Der burde vere ei øvre grense på kor lenge langtidsverande og ureturnerbare asylsøkjarar kan ha livet sitt sett på vent. Det vart lagt fram eit forslag av UDI for 18 år sidan for å betre situasjonen for denne gruppa. Det vart foreslått at dersom det ikkje var tvil om identitet, sjølv om ein hadde fått avslag på asylsøknaden, skulle ein få opphald etter 5 år. Og at dersom det var tvil om identitet, skulle ein likevel få opphald i Noreg etter 8 år.

I forslaget viste UDI til at måten Noreg behandlar denne gruppa på, ikkje er i tråd med landet sine forpliktingar til den Europeiske menneskerettskonvensjonen. Då spesielt når det kjem til respekt for kvar enkelt sitt menneskeverd. Eg skulle ønskje denne endringa allereie var gjort, men der er framleis menneske i landet vårt som har fått livet sitt sett på pause omtrent like lenge som eg har levd.

Rettferda må vinne, slik at Suel vinn rettssaka og får varig opphaldsløyve i Noreg. Noko anna blir djupt urettferdig og feil. Eg håpar òg at alle andre med liknande historier snart kan få starte å leve liva sine. Og at det blir endringar i asylsystemet slik vi unngår fleire slike historier i framtida. Vi taper på å ta frå desse menneska retten til verdige liv.