Sist veke vart det kjent at herøyværingen Suel Kassembo stod i fare for å bli send «på hovudet» ut av landet, med tvang. Lokalt vart det slått alarm. Lokalsamfunnet støtta hjartevarmt opp om mannen som flykta frå Burundi som 16-åring.

Bakgrunnen hans er hjarteskjerande, nærast umogleg å førestille seg for folk som lever i eit fredeleg og trygt land. Vi er tilbake i 2004, då både foreldra og systera hans vart drepne som fylgje av konfliktar og krig mellom Hutsi- og Tutsi-gruppene.

Suel fekk hjelp av ein ven og flykta til Norge. Men møtet med Norge vart tøft. Ikkje trudde styresmaktene på at den papirlause guten var 16 år, og ikkje trudde dei på at han kom frå Burundi.

Difor fekk han avslag på søknad om asyl i 2007. Likevel valde han å bu landet, men utan å gøyme seg på noko vis. Faktisk fekk han også hjelp av politiet til å fastslå at han snakka sant både om alder og nasjonalitet. Det skjedde tidlegare i sommar.

Utlendingsnemnda vil likevel sende han ut. Einingsleiar Ina Fosse i UNE rir paragrafane og sa sist veke til Vestlandsnytt at Suel i 2007 fekk ein avreisefrist som han ikkje overheldt.

I sin argumentasjon syner ho utruleg nok til at det på dette tidspunktet også var tvil om hans alder og nasjonalitet. I ettertid har ein altså fastslått at Suel snakka sant. «Grovt brot på utlendingslova», slår UNE fast og syner til eit utvisingsvedtak.

Saka tok ei ny vending etter nokre dramatiske dagar der medhjelparar og advokat kjempa Suel si sak. Han får bli i landet, men saka skal først opp i Oslo tingrett.

Nokre gongar må det vere høve til å vise skjøn. I denne saka er det attpåtil kome prov som syner at den foreldrelause guten som flykta hit i 2004, snakka sant. Skulle Suel – mot «alle» si allmenne oppfatning – bli vedteken kasta ut av Norge, er rettsstaten Norge, som særskilt skal verne barn og unge, verkeleg ute og køyrer.