Ein av dei viktigaste hendingane i vårt område i året som gjekk, var naturleg nok lokalvalet. Første del av året bar på våre flater preg av valkamp, og det tok seg opp fram til kommune- og fylkestingsvalet i september. Også trafikken på nett syner at lesarane etterspurde nyheiter og saker kring lokalvalet. Vi lukkast med målsettinga om å vere førsteval for innbyggarar i vårt område når det gjeld valstoff.

Gjennom eit år, når ein ser på «toppsaker» kva angår lesing, er det oftast hendingsnyheiter som er dramatiske, som tiltrekkjer seg størst interesse. Brannar, ulukker, kriminalitet. Alt dette blir prioritert høgt av redaksjonen.

Samfunnsrolla vår er på jamna like viktig. Kva er viktig i eit lokalsamfunn? Kvar bør vi gjere ein ekstra innsats for å få ting fram i lyset? Korleis kan vi betre vere eit talerøyr for svake grupper? Dette er spørsmål vi stadig stiller oss, eller i alle fall bør minne oss sjølve på. Vi har ei viktig rolle i eit lokalsamfunn, og opplever tillit, berre vi behandlar folk og instansar med respekt, men likevel med eit kritisk blikk på det som rører seg.

Fakta om Vestlandsnytt:

  • Samla opplag:

  • Utgjevarstad: Fosnavåg

  • Daglege lesarar totalt:

  • Daglege lesarar på nett:

  • Daglege lesarar på mobil:

  • Papirutgåve: Tysdag og fredag

  • Redaksjonelle årsverk: 4,5

  • Antal sider produsert: 3000 (om lag)

  • Fordeling redaksjonelt stoff/annonsar: 85/15

  • Antal leiarartiklar: 44

  • Antal kommentarar: 50

  • Antal lesarinnlegg på nett: 50

  • Antal refuserte lesarinnlegg: 2

  • Antal gjestekommentarar: 0

  • Antal kronikkar: 12

Redaktør i Vestlandsnytt, Endre Vorren. Foto: Bjørnar T. Sævik

Mål og prioriteringar:

Målsettinga er å drive avis og oppfylle samfunnsrolla til ei avis. Vi skal auke talet på abonnentar, og gjennom det skape endå betre driftsgrunnlag også med tanke på annonseinntekter.

Kvaliteten på det redaksjonelle produktet skal vere best mogleg. Vi skal vere sannferdige, til å stole på, og førstevalet mellom lesarar i vårt nedslagsfelt.

Med i denne satsinga høyrer også fokus på felt som kanskje ligg litt utanfor det redaksjonelle, men som like fullt er viktige. Eit døme er å informere å hjelpe typiske papirlesarar over på det digitale produktet. Meir satsing på levande bilde, der SøreTV er ein viktig faktor, er ein del av dette.

SøreTV

Satsinga SøreTV- i samarbeid med systeravisene våre i regionen, Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt, er får spydspiss innan satsing på levande bilde. SøreTV har ein eigen tilsett, og 2023 var det første, heile driftsåret til SøreTV.

Lesarvideoar er viktig, og minst like viktig er seriane som SøreTV lagar. Vi ser aukande interesse og lesartal for SøreTV, ikkje minst videoar med populære emne.

Her er eit døme på ei av dei beste sakene/videoane frå SøreTV i 2023:

Mellom våre definerte målsettingar høyrer også det å halde på og auke trivselen mellom dei tilsette. Vestlandsnytt er og skal vere ein triveleg arbeidsplass.

Ei anna målsetting som vi jobbar med parallelt med alt det andre er naturleg nok å ha ein sunn økonomi, slik vi er i stand til å skjøtte våre oppgåver. Det klarer vi bra. Vi har ei vedvarande fin utvikling, sjølv om fall i annonseinntektene skaper hovudbry.

Også berekraft og miljø er på agendaen, med ei punktvis liste med prioriterte område.

(Under ser vi eit utval med nokre av dei viktigaste framsidene på papir/e-avis i 2023)

Avisa si samfunnsrolle

Vi skal kombinere det å ha eit kritisk søkjelys på det som skjer i lokalsamfunnet, med å – når det er på sin plass – vere ein patriot på vegner av vår region. Vi speglar nyheitsbildet lokalt nærast døgnet rundt. Det er også noko lesarar og publikum i dag spør etter.

Kven, kva, kvifor, korleis og til kva pris? Det er spørsmål vi har peika ut som viktige ikkje minst innan offentleg forvaltning, men også i nærings- og samfunnsliv. Her skal vi bidra til å få fram svara.

Vi er lokalavis, og prøvar å lyfte fram dei positive sakene i lokalmiljøet. Samstundes får vi også på dagsorden saker og debattar som set lokalsamfunn og enkeltfaktorar i eit kritisk søkjelys.

Årets beste bilde

Her er et lite knippe bilde som er tekne og publiserte i 2023:

Journalistfagleg utvikling

Vi har hatt journalistar med på kurs- og utviklingsprosjekt i regi av konsernet i 2022. Ingen på lengre løp med kompetanseoppbygging i 2023, men det er starta eit opplegg for ein av journalistane.

Etikk

Vi prøvar å vere bevisste på etiske problemstillingar, ikkje minst det å sjå ei sak frå fleire sider. I eit mindre mediehus med knappe ressursar kan dette stundom vere ei utfordring. Etikk handlar også om korleis ein møter folk, korleis reagere på innspel og eventuell kritikk.

Kjelder

Dette er ei varig utfordring. Ofte er det gjengangarar som kjelder og intervjuobjekt, og det kan vere naturleg i eit relativt lite lokalsamfunn. Vi prøvar å gje ei stemme også til dei som ikkje ropar høgast.

Eit vedvarande punkt for oss: Kvinneandelen når det gjeld kjeldebruk er ei klassisk utfordring i eit lokalsamfunn som er dominert av tradisjonelt mannsdominerte næringar som fiskeri, offshore og verft. Her er vi i ferd med å bli betre, eit kontinuerleg arbeid.

Dei mest leste sakene

Lesartal i utheva skrift.

Spørsmål frå stiftinga

1. Redaktørens ansvar og plikter er fundamentet for pressens rolle i samfunnet. Redaktøransvaret er også lovfesta. Kva meiner du er dine viktigaste oppgåver som redaktør? Namn kort tre punkt.

Som redaktør må ein vere sitt ansvar bevisst for kva som vert publisert, kva saker og emne ein bør prioritere og ha eit medvite syn på mediet sin ståstad i notid og overskodeleg framtid. Det å vere oppdatert på nyheitsbildet lokalt og i eit større perspektiv er også ei viktig oppgåve.

2. De redaktørstyrte media er avhengig av tillit og truverd, og de må derfor verne om sin sjølvstende og integritet. Samtidig er de fleste journalistar og redaktørar samfunnsengasjerte menneske. Kva policy har de for medarbeidarane sitt engasjement på sosiale medium? Er det fritt fram for å uttrykke egne synspunkt og meiningar om aktuelle og kontroversielle spørsmål?

Det er naturleg og bra at vi har samfunnsengasjerte menneske i redaksjonen. I små bygder og småbyar, særskilt, er dei fleste ein aktiv del av sine lokalsamfunn i større eller mindre grad. Det er ingen hindringar i redaksjonen på å fremje sine meiningar i sosiale media. Dette sjølv om det nok er ein uskriven regel at journalistar, ikkje minst i fagnøytrale medium utan bindingar, ikkje markerer seg som svært ytterleggåande. Men ja, i utgangspunktet er det fritt fram å seie det ein meiner.

3. Stadig meir stoff – både tekst og bilde – vert skapte av, eller har sitt opphav i, kunstig intelligens (KI). Korleis påverkast grunnleggjande journalistiske prinsipp som kjeldekritikk, faktakontroll og openheit av KI? Korleis kan vi sikre oss mot skjulte agendaer, unøyaktigheiter og løgn generert av KI?

KI kjem for fullt, og dei fleste tips går ut på at det om få år vil prege alle bransjar, direkte eller indirekte. Også media. Informasjon generelt meir eller mindre ved hjelp av KI bør møtast med eit svært kritisk blikk. Likevel vil sunn fornuft i mange tilfelle vere den store fordelen til redaktørstyrte medium. Ei like stor utfordring er å vite kva som faktisk har vore gjennom ei «KI-kvern», både av informasjon og bilde. Her er nok verktøykassa dessverre ikkje så innhaldsrik som ein kunne ønske seg, førebels.

Men: Er noko «for godt til å vere sant», er det alltid ekstra viktig å ta ein dobbeltsjekk.