Alt er til sals, berre prisen er rett. Det gjeld det meste i næringslivet. Også når det gjeld tradisjonsrike selskap, familieselskap og bedrifter som har vore rekna som «typisk norske».

Denne veka vart det kjent at Fjord1 går over til å bli eit heileigd, utanlandsk eigarskap. Det er selt frå Havila Holding og amerikanske Vision Ridge Partner til DIF Capital Partners og EDF Invest.

Salet er inga bombe. Det vart varsla tidlegare i år, der Per Sævik gav uttrykk for at det kan bli avgjort raskt. Det er heller ikkje overraskande kven som har kjøpt. At utanlandske fond investerer i norsk næringsliv har blitt ein aukande trend. Dei er ute etter veldrivne selskap med høve til god avkasting om nokre år.

Fjord1 er eit døme på eit solid selskap med gode framtidsutsikter. Det er sjølvsagt spesielt og vemodig at restane av gamle «Møre og Romsdal fylkesbåtar» no er på franske og nederlandske hender. Men slik er det.

Litt overraskande er det likevel at Per Sævik forklarar salet nærast utelukkande med vising til norsk skattepolitikk. Det temaet var han ikkje inne på då nyheita kom om at ein salsprosess var i gang. Det at Sævik no trekkjer fram skattepolitikken må innebere at han i sterkare grad enn før observerer skattemessige følgjer som han meiner det er viktig å åtvare mot.

Vi siterer dn.no, der Sævik vart intervjua denne veka:

– Utanlandske eigarar, som ikkje betaler formuesskatt, vil ha tilgang på langt billigare kapital enn oss. Norske eigarar stiller med eit stort handikap, fordi ein stor del av verdiskapinga må takast ut av verksemda for å betale formuesskatt. Korleis skal dette ende? spør Sævik.

Tidlegare denne veka varsla eit selskap i same familie, Havila Shipping, at dei no sel eit PSV-fartøy og to ankerhandterarar. Det er ingen ønska situasjon, men eit resultat av etterverknadene etter siste offshorekrise.

Selskapet er no betydeleg slanka, og skal vere i posisjon til å levere gode resultat i åra som kjem.