- Dette er i realiteten berre eit forsøk på skyve problemet framover, og eg har ikkje tru på at det er noko å tene på ein slik prosess, seier Sve til Vestlandsnytt.

Frp-fylkespolitikaren er klar på at det vil vere umogleg å starte prosessen som fylkesrådmannen i Møre og Romsdal rår til, at ny Nerlandsøy bru blir bygd rett nord for eksisterande bru, ei fråråding av det regulerte brualternativet over småbåthamna som Herøy har jobba med å få regulert dei siste seks åra.

- Vi kan ikkje rykke tilbake til start, seier han.

Må ut på anbod

- Det blir også meiningslaust å skulle synse noko om pris før alternativet har vore ute på anbod, og det er det vi må fokusere på no, forklarar Sve.

Han lovar at det frå Frp si side kjem til å bli kjempa for at ein no ser på snaraste løysinga for Nerlandsøybrua og at ein no respekterer det reguleringsplanarbeidet som har vore gjort frå Herøy kommune si side.