– Den einaste kommentaren eg har som grunneigar er at det berre er eitt alternativ som er aktuelt, og det er det som er regulert.

Leif Morten Igesund var langt frå åleine i sin konklusjon då vi onsdag ettermiddag møtte over 80 demonstrantar ved foten av Nerlandsøybrua. For når det kjem til denne saka, har lokalbefolkninga fått nok, mild sagt.

– Som lyn frå klar himmel

Det heile starta då det måndag blei kjent at fylkesrådmannen i Møre og Romsdal rår til at ny Nerlandsøy bru blir bygd rett nord for eksisterande bru. Dette var samtidig ei fråråding av det regulerte brualternativet over småbåthamna, som er det alternativet Herøy har jobba med å få regulert dei siste seks åra. Han argumenterer med økonomien, og peikar på at alternativet til Herøy kommune vil koste kring 630 millionar kroner, medan alternativet rett nord for eksisterande bru kan realiserast for 500 millionar kroner. I samferdselsutvalet 12. juni vil fylkesrådmannen på nytt legge fram ei sak om Nerlandsøy bru. Saka bygger på ei prissamanlikning av fleire alternative løysingar, og fylkesrådmannen er klar på at alternativet med ei 600 meter lang bru over småbåthamna ikkje kan tilrådast. I forslaget til revidert økonomiplan står Nerlandsøybrua oppført med 50 mill. i 2020, 300 mill. i 2021 og 150 mill. kroner i 2022. Forslaget blei heller ikkje mindre betent då Kristin Sørheim (Sp), leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, i ein intern e-post til fylkespolitikarar opna for å kutte 70 millionar kroner i budsjettet føreslått frå fylkesrådmannen til ny Nerlandsøy-bru.

– For oss kom dette som lyn frå klar himmel. Vi har ikkje sett på nokre andre alternativ, og vi vil ikkje høyre det ein gong, sa Ann-Kathrin (Tine) Storøy (H) bestemt då vi snakka med ho og resten av dei frammøtte onsdag.

Ikkje overraskande var det ein samstemd flokk som alle var like klare i talen.

– Noko ny regulering kan ikkje vere tema. Om det skal regulerast på nytt, tvilar eg på at ein rekk fristen som er sett for ny bru, sa grendelagsleiar Torbjørn Hide.

Herøy ordførar Arnulf Goksøyr (H) tok også til ordet.

– Om fylkeskommunen er freidige nok til å sende ein ny reguleringsplan til Herøy kommune, så meiner eg vi har lov til å seie nei takk. Vi har allereie gjort jobben. Det er pengane som manglar. Vi kan gjere modifiserande tiltak og skal hjelpe til med å finne løysingar som gjer at vi sparar pengar, men det må vere på det alternativet vi samrøystes har vedtatt i Herøy. Å finne på noko nytt sprell er heilt uaktuelt, sa ein klokkeklar Herøy-ordførar.

– Alle må gå til sine

– Det viktigaste no er at alle går i same takt. Grendelaget oppmodar no alle politikarane om å ta kontakt med sine respektive partifellar på fylket for å få orden på dette. No må det skje noko, sa Hide.

Dag Nærø og Lovise Nikoline Voldsund for Frp, Storøy for Høgre, Bjarne Kvalsvik for Uavhengig valliste for Sunnmøre, Camilla Storøy (KrF), Sveinung Erntzen for Senterpartiet og Gerd Kopperstad (Ap) var alle klare på at dei er klar til å gå til kamp for at det er Herøy sin reguleringsplan som skal ut på anbod.

– Eg tur eg snakkar på vegner av alle når eg seier at vi skal jobbe det vi kan for å ordne dette, sa varaordførar Camilla Storøy.