I går blei forslaget til økonomiplan frå fylkesrådmannen kjent. Her låg den nye brua til Nerlandsøya  inne med 50 millionar kroner neste år, 300 millionar i 2021 og 150 millionar i 2022. Samla pris på brua vil då verte 500 millionar kroner. Slik fylkesrådmannen ser det, må kostnaden vege tungt når bruløysing over Søre Vaulen skal veljast. Difor kan han ikkje tilrå å bygge bru etter alternativet som reguleringsarbeidet så langt har basert seg på. Forventa kostnad for dette alternativet lyder no på 630 millionar kroner, medan alternativet rett nord for eksisterande bru kan realiserast for 500 millionar kroner.

SP foreslår ytterlegare kutt

Tysdag gjorde Sunnmørsposten det derimot kjent at Kristin Sørheim (Sp), leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, opnar for å kutte ytterlegare 70 millionar kroner i budsjettet føreslått frå fylkesrådmannen. Forslaget skal ha vore sendt ut som ein intern e-post måndag kveld til partia som utgjer den såkalla posisjonen i fylkestinget, Ap, Sp, Venstre, SV, Nordmørslista og uavhengige representantar frå Nordmøre. I forslaget, som Vestlandsnytt også har sett, heiter det:

- Ramma vert redusert frå 500 mill kr til 430 mill kroner. Fylkestinget ber fylkesrådmannen starte arbeidet med å få på plass ei parallell bru nord for dagens bru med følgjande føringar.

Framdrift:

Brua skal stå ferdig seinast hausten 2023. Reguleringsarbeid og prosjektering gjennomførast parallelt.

Kostnad:

Det skal søkjast kostnadsreduksjonar gjennom å: Optimalisere forholdet bru/ fylling. Optimalisere brukonstruksjonen (høgbrekk, breidde mv.). Optimalisere ny konstruksjon inn mot dagens vegtrase for å minimalisere ny vegbygging. Velje kontraktsform som gjev økonomisk best resultat.

Bjarne Kvalsvik reagerer kraftig

Bjarne Kvalsvik, representant for Uavhengig valliste for Sunnmøre, forklarar til Vestlandsnytt at han oppfattar det som at fleirtalet støttar forslaget, utan å ha dette fullstendig stadfesta. Han var sjølv til stades på eit gruppemøte der dette vart diskutert måndag kveld.

- Eg blir kraftig provosert over forslaget. Seks år har gått med til å få fram ein reguleringsplan som no endeleg er ferdig. Det er etter mitt syn ikkje mogleg å nå fristen om ein skal regulere, planlegge å bygge på tre år. Dette vil truleg møte stor motstand frå både grunneigarar og andre hald, åtvarar ein oppgitt Bjarne Kvalsvik, som elles forklarar at han gjer sitt for å motarbeide dette forslaget.

Kvalsvik meiner også å sjå at det ikkje nødvendigvis er trong økonomi som er den einaste grunnen til kuttforslaget. I tilsvarande forslag er det nemleg også lagt inn 10 millionar kroner til oppstartsløyve for Ørsta vidaregåande skule i 2020, med ei oppmoding om at at fylkestinget ber rådmannen legge inn fullfinansiering av prosjektet ved behandling av økonomiplanen i desember 2019.