Det seier Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling etter det siste møtet i samferdselsutvalet.

Der vart det slått fast at Rovdefjordsambandet er tilstrekkeleg utgreidd innanfor det som heiter vedtaksgrunnlag B0. Dermed har prosjektet fått grønt lys til å gå vidare til fase 2, konseptval. Utvalet har streka under at det ikkje er vurdert i kva grad sambandet er sjølvfinansierande.

Rovdefjordsambandet er planlagt i hovudtrekk som ei flytebru mellom Bjørlykkja og over til Saudeholmen. På grunn av omsynet til fjorden og seglingsleia, må det vere ei opning. Her kjem røyrtunnelen frå Saudeholmen til Gurskøya inn i bildet.

Gjelseth opplyser til Vestlandsnytt at selskapet har halde seg innanfor gjeldande retningslinjer når det gjeld alternativet som ligg føre, også punktet om stigningsgrad i tunnelen.

Spiralen kan bli droppa

– Vi ser likevel at det kan vere ei opning for at tunnelen frå Saueholmen kan gå nokolunde direkte mot land, utan å gå vegen om spiral rundt holmen. Då kjem vi opp i ein stigningsgrad på sju-åtte prosent, seier Gjelseth.

På onsdagens møte tok leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim, til orde for at Rovdefjordsambandet også bør ha den sistnemnde løysinga som alternativ i den vidare planlegginga.

– Det blir ein kort tunnel på rundt 200 meter, og det er ikkje urealistisk å få ein dispensasjon når det gjeld stigningsgrad her. Om denne løysinga vert valt, betyr det også store innsparingar for Rovdefjordsambandet, seier Gjelseth.

Han seier seg også glad for andre signal frå samferdselsutvalet, nemleg:

– I dagens planar, for å kome i tilstrekkeleg avstand frå ei gravrøys i Bjørlykkja, ligg det inne ei veldig stor og kostnadskrevjande fylling på vegen ut mot flytebrua. Får vi dispensasjon for å kome nærare denne gravrøysa inneber det ei lågbru-løysing som også betyr pengar spart, seier utviklingsnavigatøren.

Dagens estimerte prislapp på Rovdefjordsambandet ligg kloss inntil 3,8 milliardar kroner.

– Målet er ein reduksjon i prisen basert på dei siste tilrådingane frå Kristin Sørheim og samferdselsutvalet. Det kan gje mange hundre millionar kroner i innsparing, seier Gjelseth.

Han opplyser at finansieringa av sambandet er tenkt ved hjelp av bompengar (80 prosent) og ferjeavløysingsmidlar (20 prosent).

Stort trafikk viktig moment

– Det er eit samband med relativt stor trafikk, og det er vesentleg i finansieringa. Vi vil i tida som kjem jobbe vidare med planane, og i den samanheng trengst det også meir pengar. Her vil kommunar og andre i regionen vere nærliggande å vende seg til.

Gjelseth seier eitt av felta ein skal jobbe vidare med, er detaljreguleringsplanen.

– Det blir fullt trykk vidare, og vi er allereie godt i gang med å planlegge neste etappe, avsluttar ein optimistisk Svein Gjelseth.