På møtet i samferdselsutvalet var seks presumptivt sjølvfinansierande, større fylkesvegsamband gjenstand for debatt. Mellom desse er Rovdefjordsambandet og Sande Fastlandssamband.

– Vi er godt nøgde med møtet, der vi fekk ein del avklaringar på vegen vidare og kva område vi skal fokusere på.

Slik samstemmer ordførar og styremedlem Dag Vaagen og dagleg leiar Jostein Korsnes i SaFast etter møtet.

På førehand kunne det sjå ut som samferdselssjefen ville setje Sande Fastlandssamband på vent, sidan det framleis ikkje har kome avklaringar rundt stigningsgraden i sambandet i ytre Sande.

Etter møtet er det klart at to samband, Storfjordsambandet og Kjewrringsundsambandet, går vidare til neste runde, nemleg utarbeiding av reguleringsplan.

SaFast og Rovdefjordsambandet har begge hamna på steget bak, der det mellom anna trengst vidare utgreiingar om stigningsgrad. Som kjent er det også tunnel i delar av Rovdefjordsambandet.

Jostein Korsnes seier til Vestlandsnytt at SaFast også har utarbeidd eit alternativ med maksimalt fem prosent stigning. Han seier vegvesenet ikkje har sendt dette alternativet over til fylkeskommunen, men det ligg altså føre.

– Dette alternativet gjer at tunnelen vert 10,5 km lang i staden for 7 km. Eg held faktisk ein knapp på det kortaste alternativet, som også vert rimelegast.

– Og vegen framover?

– No vert det å jobbe parallelt med dei to alternativa. Det finst fleire døme på samband som er realiserte med meir enn 5 prosent stigningsgrad, til dømes Nordøyvegen som har 7,8 prosent stigning. Steget etterpå vert reguleringsplanarbeidet, seier Korsnes etter møtet.

Han, styreleiar Jarle Støylen og Vaagen reiste til møtet i Molde onsdag. Der var det også ein stor delegasjon på plass frå Rovdefjordsambandet/Vanylven Utvikling.

– Dette var ikkje noko tilbakesteg for SaFast. Tvert imot. No har vi også fått lovnad om å kunne nytte fagfolk i fylkeskommuen i det vidare arbeidet, noko vi helsar velkome. seier Korsnes.

Han seier seg også nøgd med måten Bjarne Kvalsvik, Charles Tøsse og andre politikarar fronta SaFast på under møtet i samferdselsutvalet.