– Rapporten syner det vi har trudd og håpa på, nemleg at Rovdefjordsambandet er viktig i seg sjølv, men også i ein større samanheng, seier Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling.

– Den uavhengige rapporten blir eit viktig verktøy i den vidare planlegginga av Rovdefjordsambandet. Vi spelar gjerne ballen over til selskapet Kystvegen, som med fordel kan nytte dette materialet vidare i sitt arbeid, legg Gjelseth til.

Samhandling og økonomisk vekst

I oppsummeringa av raporten frå Norconsult vert det slått fast at det å erstatte Årvik-Koparnes med fast samband vil ha stor betydning for samhandling og økonomisk vekst.

– Sambandet bind den lokale og regionale bu- og arbeidsmarknaden tettare saman og bidreg til auka attraktivitet for busetting og næringsutvikling i regionen, der det er utfordringar knytt til befolkningsnedgang og til dels manglande næringsvekst, heiter det i oppsummeringa frå seksjonsleiar Sindre Blindheim i Norconsult.

Norconsult slår vidare fast at sambandet vil gje ei ny og attraktiv reiserute for lengre reiser nord/sør langs kysten, og særskilt mellom Florø og Ålesund.

Ein attraktiv kystveg

Rovdefjordsambandet kan vidare føre til å trekkje trafikk, busetting og næringsutvikling lenger ut mot kysten. Saman med andre vegtiltak som er omtala i analysen kan heilskapen gjere både Kystvegen frå Måløy og sørover, samt fylkesveg 61 gjennom Søre Sunnmøre, til det rapporten omtalar som «ei attraktiv reiserute for ein betydeleg større del reiande enn kva tilfellet er i dag».

Rapporten opererer med eit lågt og eit høgt anslag trafikk det planlagde sambandet vil føre til. I modellen med lågt anslag, der berre Rovdefjordsambandet vert realisert, reknar ein årsdøgntrafikken til 1.640 køyretøy i 2030.

I modellen der andre vegtiltak i regionen vert realiserte (til dømes Torset-tunnel, samt utbetringar av fylkesveg 61 i Vanylven) er årsdøgntrafikken i Rovdefjordsambandet rekna til 2.600 køyretøy i 2030. Og endå meir på lengre sikt, i fylgje ein framskriven modell.

– Det aktive næringslivet på Søre Sunnmøre vil ha særleg stor nytte av Rovdefjordsambandet, både med tanke på transport og tilgjenge, men også med tanke på avstand til kompetent arbeidskraft, heiter det mellom anna i rapporten.

– Som Eiksundsambandet

Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling meiner rapporten har eit vesentleg fortrinn, nemleg at ein ser vidare enn berre dei lokale – og positive – konsekvensane sambandet vil gje for den lokale bu– og arbeidsmarknaden.

– Her trekkjer ein også inn andre effektar lokal vegsatsing vil gje, ikkje minst langs fylkesveg 61. Her vil ein tunnel frå Torset til vestsida av Skogevatnet gje vesentleg innsparing i reiselenge og tid. Ein set sambandet også i samanheng med vidare utbetringar sørover, ei kryssing av Syltefjorden og utbetringar på Maurstadeidet, eller for den saks skuld kryssinga av Nordfjorden, påpeikar utviklingsnavigatøren.

Gjelseth nøler ikkje å samanlikne Rovdefjordsambandet med Eiksundsambandet, som knytte Søre Sunnmøre tettare saman aust/vest.

– Vi ser at mykje av den veksten som har kome gjennom Eiksundsambandet, ikkje nødvendigvis skriv seg hovudsakleg frå arbeidsreiser. Det handlar om reiser knytt til handel, fritid, opplevingar og kultur. På same vis trur vi Rovdefjordsambandet vil knyte saman kulturane på søre luten heilt sør til Nordfjord-omådet. Ein langt større region vil opne seg og vere tilgjengeleg i vårt distrikt, framheld Gjelseth.