8. mars er det kvinnedagen. Gratulerer til alle, kvinner som menn!

I dagens kontekst er det litt rart å tenkje på, men faktum er at det i 1921 vart vedteke på ein internasjonal kommunistisk konferanse i Moskva at 8. mars skulle vere den årlege internasjonale kvinnedagen. Allereie seks år tidlegare vart kvinnedagen markert for første gong i Norge.

Likevel skulle det gå lang tid før kvinnedagen vart ei større og nasjonal hending her til lands. Ifølge Store Norske Leksikon tok Kvinnefronten i 1972 initiativ til ein stor demonstrasjon i Oslo 8. mars dette året. Seinare fekk Kvinnedagen eit oppsving, og 8. mars står framleis rimeleg sterkt.

Enkelte meiner i dag at det ikkje trengst nokon kvinnedag. Jamvel ein del kvinner meiner det. Likestillinga har kome for lengst, og alle har like rettar, kvinne eller mann, synest somme. Men slik er det rimelegvis ikkje. 8. mars er i dag noko anna enn tilfellet var på syttitalet. Situasjonen og posisjonen til kvinner er meir tema i dag, ofte i eit perspektiv der statistikk, demografi og reine fakta syner kvinner sin posisjon.

Eit døme: Lokalt har vi vore prega av det ein gjerne har kalla mannsdominerte yrke. For ikkje så veldig mange år sidan:

Menn styrte båtane og reiarlaga, menn dominerte det meste av næringslivet, og kvinnene var i stort mindretal i politikken. Slik er det ikkje i dag, heldigvis. Mange, inkludert Vestlandsnytt, har likevel ein jobb å gjere. For vår del er det ei målsetting å nytte fleire kvinnelege kjelder og intervjuobjekt.

I dag er det ingen som hevar eit augebryn når det kjem nyheiter om kvinner som kler posisjonane. Det er slik det skal vere. I dag veks ungdomen opp utan tanke på at kjønn skal avgjere kva ein kan oppnå eller kva rettar og plikter ein har.

Framleis er ein ikkje i mål, men på dette feltet har verda – på det som er svært kort tid i historisk samanheng – teke kvantesprang.