Områda ligg i alle fylke utanom Oppland, Troms og Akershus.

– Kartet skal ikkje lesast som at vi meiner at det skal vere fritt fram for vindkraft, understrekar vassdrags- og energidirektør Ketil Lund.

– Dette er ikkje ein utbyggingsplan for vindkraft, men ein fagleg gjennomgang for å peike ut dei områda i Noreg som er mest eigna for vindkraft når ein tar omsyn til miljø- og samfunnsverknader, seier han.

– Nesten ingen ligg heilt ute ved kysten eller på høgfjellet. Også i dei utpeikte områda vil det vere store areal som er uaktuelle for vindkraft, seier Lund.

Den nasjonale ramma for vindkraft skal ikkje erstatte konsesjonsbehandlinga. Konsesjonsprosessane framover vil vere minst like grundige og strenge som i dag, understrekar Lund.

Få område i Nord-Noreg

NVE starta med 43 analyseområde og har landa på 13 område som dei meiner er dei mest eigna. Oppland, Troms og Akershus er dei einaste fylka der det ikkje er peikt ut område.

NVE har peikt ut få område i Nord-Noreg. I Finnmark er det berre eitt område som NVE meiner er eigna, ved Porsangerhalvøya. I Troms har ikkje NVE peikt ut nokon område, medan det i Nordland er eitt område heilt sør i fylket mot grensa til Trøndelag.

Det vart klart under framlegginga av Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) nasjonale ramme for vindkraft på land måndag formiddag.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) og olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) var til stades under framlegginga.

Aukande debatt

– Vi ser ei aukande interesse for vindkraft i Noreg i takt med at vindkraft byrjar å bli lønnsamt. Med dette følgjer ein aukande debatt som reflekterer interesser og sterkt engasjement. Det tar eg på største alvor i utviklinga av vindkraftpolitikken vår, seier Freiberg.

Han understrekar at miljø- og samfunnsinteresser skal takast vare på.

– Utbygging av lønnsam vindkraft skaper verdiar, inntekt og arbeidsplassar, men har òg negative verknader for miljø, landskap, friluftsliv, reindrift, lokalbefolkning. Det er derfor viktig å unngå dei meste sårbare områda, sa Freiberg.