Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sonderer no ei rekkje potensielle satsingsområde over heile landet. Dette med tanke på ytterlegare vindkraftutbygging.

Store delar av «vårt område» er på kartet. I det som vert definert som «område 20» finn vi Hareidlandet, Gurskøya og heile Vanylven, og dessutan store delar av Ytre Nordfjord, der det også er etablert vindparkar. (Stadlandet, Bremanger).

NVE har avdekt nokre område (harde eksklusjonar) der det er uaktuelt med vindmøller. To døme er Runde og Voksa/Storevika (fugleliv). I tillegg er det laga eit kart med såkalla mjuke eksklusjonar, som vi finn fleire av i våre område.

Men både på Hareidlandet og Gurskøya, samt i Vanylven og ytre Sula, er det store område merka med grønt. Desse blir sett på som aktuelle for vindkraftutbygging.

Lokale vindparkar?

Ein av dei som reagerer, er sjølverklært vindkraftmotstandar Hallvard Slettevoll.

– Eg trur ikkje folk flest er klar over kva som er i ferd med å skje. Vert fjella på Ytre Søre definerte slik NVE legg opp til, kan vegen vere kort fram til området vårt er dominert av gigantiske vindturbinar, seier bedriftsleiaren frå Gjerdsvika.

Haugshornet vindpark

Hallvard Slettevoll har tidlegare stått i fremste rekkje mot lokal vindkraftutbygging. Nærare bestemt då Haugshornet vindpark var aktuelt. Konkret gjaldt det Norsk Hydro (Statoil) sin søknad om utbygging av ein vindpark i fjella på Gurskøya.

I 2008 vart søknaden avslått, etter ein årelang og til dels opprivande strid der natur- og friluftsinteresser stod mot kommersielle interesser. Det var NVE som avslo søknaden, og no er det altså NVE som igjen er på bana med potensiell vindpark i det same området.

Sjokkert over omfanget

– Eg er overraska over kor lite vi har høyrt om saka lokalt. Folk og kommunar bør engasjere seg før det er for seint, seier Slettevoll, og legg til:

– Eg vart nærast sjokkert over det store omfanget då NVE tidlegare i år avslørte kva område som er under planlegging for vindkraft. Dei har merka av femti store område over heile landet som er aktuelle. Eg har sjølv signert eit opprop frå Den Norske Turistforening mot planane, og personleg håpar eg folk vil protestere kraftig på det som kan bli innført.

– Men vindkraft er fornybar energi, Slettevoll?

– Det er mange andre område vi kan hente fornybar energi på. Vår bedrift har vi til dømes geotermisk varmegjenvinning, og vi sparar 75 prosent av oppvarmingskostnadene gjennom det tiltaket. Også solenergi bør nyttast i langt større grad. Sjøvarme er ein kjemperessurs, med Golfstraumen sveipande forbi oss. Vasskraft er ei stabil og god energikjelde. Utfordringa med vindkraft på land er at vinden er så ustabil at det gir masse av vanskar for sårbare teknologi i vindkraftanlegga.

Ferietur med vindkraft-tema

Det seier altså Hallvard Slettevoll, som gjennom jobben som leiar i Stadt As har tileigna seg mykje kunnskap om kraft og energibruk opp gjennom åra.

– No for tida er det nesten ingen som snakkar om Enøk-tiltak lenger. I staden overlèt vi mykje av planlegginga og gjennomføringa av kraftbransjen sine tiltak til jakta på profitt, gjerne regissert av utanlandske interesser, hevdar Slettevoll.

Han meiner vindkraft er så subsidiert at det i seg sjølv syner at utbyggingane ikkje er berekraftige.

– Vi som forbrukarar vert sitjande att med rekninga gjennom denne politikken, der vi gjennom straumkablar til utlandet og denne ukritiske satsinga på vindkraft berre lagar problem for forbrukarane. Vi sagar på ein måte av den grøne greina vi sit på, seier han.

I år brukte han faktisk delar av sommarferien til å vitje vindparkar her til lands. Mellom anna på Fosen i Trøndelag.

– Naturinngrepa er enorme! Eg snakka med folk som bur i nærleiken av dei, og med folk som jobbar på anlegga. Fleire stadar stod vindmøllene stille, på grunn av driftsvanskar. Milj- og klimapåverknadene er negative. Ikkje gir slike parkar noko arbeidsplassar å snakke om, og eg kan faktisk ikkje finne noko positivt å seie om denne type utbyggingar og anlegg, seier Slettevoll.

– Gjer uoppretteleg skade

Han seier vindparkane i stor grad er tenkt lagde til område med urørt natur.

– Vi som bur her, og tilreisande turistar, set meir og meir pris på naturen, å kunne bevege seg i terrenget og nyte stilla. Slikt kan ikkje målast i kroner og øre, og vert meir og meir mangelvare. Det er kvalitetar som kunne ha blitt skrivne ut på blå resept. Utbygging av vindparkar gir uoppretteleg skade på terrenget, ikkje minst gjennom infrastrukturen som må byggjast ut der vindturbinane kjem, poengterer Hallvard Slettevoll.