For nokre veker sidan var det intervju i Vestlandsnytt med Hallvard Slettevoll. Han sa seg sjokkert over omfanget i NVE sitt nye kart over potensielle vindkraftområde i Norge.

Lokalt er store delar av Hareidlandet og Gurskøya, samt det aller meste av Vanylven, med i planane i ei førebels høyring.

– Lokale myndigheiter må kome på bana før det vert opplese og vedteke at fjella våre kan nyttast til vindturbinar, sa Slettevoll mellom anna.

Vaagen: – Vil i utgangspunktet vere positiv

Vi kontakta Sande-ordførar Dag Vaagen, som kjenner til det førebelse arbeidet NVE har lagt til grunn for framtidig vindkraftutbygging.

Han har erfaring frå denne typen planar frå før. For ti-tolv år tilbake var det nemleg ein lokal strid rundt planane for Haugshornet vindpark, der Hydro/Statoil – saman med Tussa Kraft – stod bak. Sande kommune var positiv til planane, men det enda til slutt med avslag på konsesjonssøknaden.

– Det er Olje- og energidepartementet som har gitt NVE i oppdrag å leie arbeidet med forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land. Denne første høyringa er av overordna karakter, knytt til metode m.m. for innhenting av kunnskapsgrunnlag for NVE sin rapport til departementet. Denne skal ligge føre 1. april 2019 og då opnar det seg naturleg nok for regionale og lokale innspel til planane, seier Vaagen til Vestlandsnytt. Det vil då vere OED som står for høyringa.

Han har registrert lite merksemd rundt dette første utkastet, i alle fall lokalt.

– Men det hindrar seg ikkje i å ha synspunkt på saka?

– Det gjer det sjølvsagt ikkje. Eg kan heller ikkje forskottere korleis Sande kommune vil stille seg til eventuelle nye, konkrete planar om vindkraft på Gurskøya eller i regionen elles. Men vi stilte oss positive sist, og det er kanskje ikkje noko ulempe å ha ein del av eit område som har potensial for vindkraftutbygging, seier Vaagen, som legg til.

– No var det rett nok delte meiningar om Haugshornet vindpark, ikkje minst knytt til friluftsinteresser og ornitologisk hald. Det var også slike moment som førte til avslag.

Vaagen meiner det vil vere interessant ved ein konkret søknad å avdekkje kva økonomiske fylgjer ei utbygging kan få for kommunar og eventuelt også grunneigarar.

– I utgangspunktet er eg ikkje negativ til at areal i Sande kan vere «kan-område», men vi må tilbake når detaljane kjem meir til syne i NVE sin rapport til Olje- og energidepartementet, avsluttar Vaagen.