– Eg meiner det er på tide selskapet tek skeia i ei anna hand. Sett frå min ståstad har det vore svært lite framdrift i planane til Sande Fastlandssamband dei seinare åra. Faktisk står dei om lag akkurat der dei stod for eit år tilbake. Det er synd, seier Kvalsvik til Vestlandsnytt.

– Var eg på same møtet?

Samferdselspolitikaren seier han «lurte på om han hadde vore på det same møtet» då han i Vestlandsnytt las kommentarar frå leiinga i SaFast, i kjølvatnet av det siste møtet i samferdselsutvalet.

– Her vart det kunngjort stor glede over den siste utviklinga i saka, og det var likt til at ein no er komne like langt i arbeidet som Rovdefjordsambandet. Faktum er at Rovdefjordsambandet fekk grønt lys for gå over til neste steg, konseptutval. SaFast fekk på si side saka tilbake, med beskjed om å jobbe meir. Ikkje minst inn mot det stadig tilbakevendande spørsmålet stigningsgrad, seier Kvalsvik.

Eitt positivt signal

På den positive sida frå møtet i samferdselsutvalet når det gjeld SaFast sin del, noterte Kvalsvik seg eitt punkt: At fylkeskommunen stiller faglege ressursar til disposisjon vidare framover.

– Det er bra. Og eg er ikkje ute etter å svartmale situasjonen for SaFast, men det er viktig at ikkje folk vert villeia til å tru at «no går det på skinner», seier fylkespolitikaren.

Han har i kraft av sitt verv i samferdselsutvalet, med eit ekstra oppsyn for saker frå vår region, fulgt ekstra godt med på dei lokale sambanda dei seinare åra.

– Eg har møtt opp på dei to førre generalforsamlingane i SaFast, og kan dessverre ikkje sjå at det er særleg med progresjon. Samstundes har eg motteke bekymringsmeldingar om dette prosjektet, særleg frå folk i Sande. Dei føler at prosjektet står i stampe og ikkje kjem vidare, seier Kvalsvik.

Trengst hjelp utanfrå

– SaFast har mellom anna hevda at dei må få dispensasjon for å overstige kravet om maksimalt 5 prosent stiningsgrad i tunnelen, med vising til at Nordøyvegen fekk det. Men reglane er innstramma på dette området no, og det må selskapet ta høgde for, seier han.

Spørsmålet Kvalsvik meiner SaFast i denne fasen bør stille seg, er om det trengst profesjonell hjelp utanfrå for å få fart på arbeidet.

– Det kostar pengar, det kjem ein ikkje bort frå. Ein kan dessutan stille spørsmål om SaFast har ein konkret framdriftsplan som dei arbeider ut i frå.

– Sande har ein ordførar som representerer regjeringspartiet Høgre. Her ligg det store moglegheiter til å påverke, utan at eg kan sjå at det er gjort så mykje frå politisk leiing i Sande, legg Kvalsvik til.

Han stiller seg gjerne til disposisjon om SaFast ønskjer fleire å spele på lag med. For som han seier:

– Dette er ei av sakene eg brenn for.

Han registrerer at «åra går», og at dei ytre øyane i Sande blør folketalsmessig i påvente av sambandet.

Velmeint spark bak

– Utviklinga på øyane går dessverre ikkje heilt som ho skal, og vil ein stake ut kursen for nye generasjonar i denne delen av Sande, er det svært viktig at SaFast jobbar profesjonelt og målretta for at ein i det heile teke skal kunne kjempe om å bli vurderte. Innbyggjarane fortener å få ein grundig og god status på kvar sambandet i dag står.

– Seier du at det er for tafatt i SaFast?

– Eg seier dei må trykke på i langt sterkare grad enn det som har vore gjort til no. Kall dette gjerne eit spark i baken til SaFast, men i så fall er det velmeint, ikkje berre for selskapet, men med tanke på eit heilt lokalsamfunn, avsluttar Bjarne Kvalsvik.