Fleece-jakke, ullgenser, turbukse, joggebukse, caps ... Ingen kostyme – berre rekvisittar. Enn så lenge.

Regissør Gerald Pettersen peikar, instruerer og gestikulerer, medan proffane framfor han repeterer – igjen og igjen. Det handlar om detaljane.

Førebels har dei to lokale sufflørane nok å gjere. «Fe den synske» (Eirik del Barco Soleglad), derimot, ligg på ein tilskodarbenk med augo lukka og nasen mot sola. Det vert nokre slike pausar.

Barnet

Eit spedbarn klynkar frå innsida av gapahuken ved sida av spelplassen. Maria Sævik (14) ruggar litt på vogna, men Brage (3 md.) har visst ikkje tenkt til å sove meir no.

– Eg er trillepike. Og så seier eg ifrå viss han må skiftast på og slikt, seier Maria.

«Unn den fagre» alias Katrine Dale snakka openbert sant då ho, under fjorårets framsyning av «Kongens ring», stod framfor publikum og fortalde om barnet som vaks i ho. Den komande faren var ingen ringare enn «Møre-Karl» – eller Frode Bjorøy, som han eigentleg heiter.

– Brage var berre eit bitte lite frø under førre spel, seier den nybakte pappaen.

Å ha med baby på jobb, betyr mellom anna ammepausar mellom øvingane. Men skal vi tru Frode Bjorøy, har opphaldet så langt vore heilt problemfritt.

– Brage er veldig roleg og grei å ha med å gjere. Vi vaknar endåtil før han om morgonen. Han har tydelegvis skjøna at han har skodespelarforeldre, seier Frode, før han smiler spøkefullt:

– Sjølv blir han nok lege, ingeniør eller røyrleggar.

– Masse flotte menneske

Der er ikkje mangel på barnevaktar under øvingsveka.

– Vi kjenner oss trygge. Det er det som er så fint med dette spelet. Her er masse flotte menneske som gjer ein stor innsats for at dette skal bli bra. Personleg meiner eg at spelet er ein viktig kulturell faktor for heile området, med synergieffektar ein ikkje veit rekkevidda av før spelet kanskje ein dag forsvinn. Det må ikkje skje! Då vert det eit hol i lokalsamfunnet. Dette er på ein måte ei gåve frå lokalbefolkninga til lokalbefolkninga, seier Bjorøy.

Kjem tilbake for samhaldet

Maria og babyen har selskap av ein ung mann iført oransje arbeidsbukser i gapahuken. Han styrer, tilsynelatande, med nokre notestativ.

– Eg er teknikar og herjung i spelet, seier Rune Leine-Dimmen.

Han har teke ut ei veke ferie frå jobben som teknisk ingeniør i Ålesund kommune, for å vere med på Herøyspel-dugnaden i heimkommunen.

– Eg er med som teknikar for tredje år på rad. Eg kjem tilbake på grunn av samhaldet, og fordi eg synest dette er sosialt og kjekt, seier han.

Ifølgje Rune jobbar mellom 10 og 15 teknikarar på dugnad, i tillegg til dei som er leigde inn for å styre lyden under spelet.

Har vore med heile livet

Brage har kome opp av vogna. Maria smiler. Ho var ikkje stort større enn han då ho sjølv dukka opp bak kulissane i Herøyspelet første gong.

– Eg brukte å ligge i fanget til skodespelarane medan mamma sminka dei, seier ho.

Mora, Helen Sævik, minnest det godt.

– Ein gong, då Maria sat i fanget til Magnar Lillestøl, datt det pudder ned på ho. Magnar bles det vekk, hugsar ho.

Så snart Maria vart gammal nok, vart ho Herøy-barn i spelet.

– Det har eg vore i sju år. Før det var eg publikum.

Og no er ho altså trillepike i tillegg.

– Det er kjekt, smiler Maria Sævik.