I år er det for første gong lagt ekstra vekt på at barna skal ha det kjekt før og etter spelet på Herøy gard. Difor vert det laga til vikingleir.

– Der kan barna mellom anna kan få lage seg vikingpung, klippe dokkelisefigurar av Unn og dei andre hovudrollene i spelet, skyte med pil og boge, prøve seg på arkeologiske utgravingar, sverdleik og balansekunst på kampstokk. Vi byr på nesten tjue ulike aktivitetar og håper barna vil storkose seg, seier styreleiar Linn Therese Sævik i Herøyspelet.

På vikingleiren finn vi også leiker som til dømes hoppetau, styltre, hestesko, rævkrok, ringspel, knutar og gigantisk bondesjakk.

Ein kan også steike helledrivarar, lage seg smykke, halde på med blomstervev, spele gigantisk bondesjakk, og prøve hjelm og brynje.