Det skriv rådmannen i Sande, representert ved kommunalleiar for plan og utvikling, Oddbjørn Indregård, i konklusjonen til saka som no skal opp til politisk behandling.

Den omstridde saka skal opp i formannskapet denne veka og i kommunestyret i neste veke.

Sett vekk ifrå litt «småflørting» til vindkraft på eit tidlegare i møte i formannskapet – frå eit par politikarar – er det så langt i prosessen i Sande ikkje registrert særleg stor politisk vilje til å helse NVE sine planar om mogleg vindkraft i Sande, velkomne.

Stort sett unison motstand

Tvert imot har det vore fleire politikarar på bana i den seinare tida som har fronta sterk motstand mot å ta fjella på Gurskøya i bruk til vindkraftproduksjon. Også frå privatfolk og andre interessentar som har omtala saka, i alle fall i media, har motstanden vore unison.

Administrasjonen i Sande kommune har også ei tydeleg tilråding:

- Vindkraftanlegg på land vil også ha negativ verknad på naturmangfaldet. Området Sunnmøre og Nordfjord er ein region med aukande satsing på reiseliv, med reisemål som bl.a. i dag står på verdsarvlista og med elt stort potensiale innan reiseliv. Reiselivet sjølve viser til at ein kombinasjon av naturbasert reiseliv/opplevingar og omfattande fysiske naturinngrep er ein svært dårleg kombinasjon.

Peikar på andre kraftalternativ

Det vert vidare peika på at det finst gode alternativ til vindkraft på land:

- Dei største effektane vil ein kunne få ved å effektivisere eksisterande vasskraftanlegg. Andre alternativ er havvind, der norske verksemder i dag leverer teknologiar både til nye prosjekt og til ein veksande ettermarknad.

Rådmannen legg til at signala frå innbyggjarane i Sande og regionen for øvrig er tydeleg i retning av å verne om vår lokale fjellheim for større fysiske naturinngrep.

Syner til stor aktivitet

Til saka opplyser rådmannen at idrettslaga i Gjerdsvika, Gursken og på Larsnes i mange år har hatt registreringsbøker på fjelltoppane. Om lag 25.000 personar signerte seg i desse bøkene i 2018, og det reelle talet på folk som brukar fjellet er truleg langt høgare.

- Med så høge «besøkstal» må ein også legge til grunn at der ligg ein betydeleg folkehelsegevinst i det friluftslivet som vert utøvd i vår fjellheim. Det er ukjent om det ligg føre noko dokumentasjon som viser kva verknad eit vindparkanlegg har for dei kvardagsaktivitetane vi lokalt nyttar fjellheimen til. For nokre vil ei utbygging gjere fjellheimen meir tilgjengeleg, men for dei aller fleste så vert mest truleg ein inngrepsfri natur meir verdsett enn lettare tilgjengelegheit.

Rådmannen skriv til saka at kommunar som har vindkraftanlegg og som har innført eigedomsskatt, får inntekter frå slike anlegg. Roan kommune, som får 17,5 millionar kroner årleg. Men her kan det vere nye reglar på gang. Og:

- Det er all grunn til å tru at ein også fram i tid vil ha ei skattlegging for slik type verksemd, men i kva grad skattlegginga tilfell kommunen eller staten er det i dag ikkje eintydige svar på, skriv rådmannen.

Tilrådinga

Rådmannen si tilråding er slik:

Sande kommunestyre ber om at NVE sitt arbeid med nasjonal rammeplan for vindkraft på land vert avslutta.

Subsidiært ber Sande kommunestyre om at område Sunnmøre og Nordfjord i NVE sitt framlegg vert teke ut av rammeplanen.

Fire idrettslag er imot

Til saka om mogleg vindkraft på Gurskøy-delen av Sande kommune har det kome inn eit innspel frå fire av idrettslaga i kommunen.

Her går Gjerdsvika IL, Gursken IL, Larsnes IL, Sandsøy IL imot noko opning for slikt innanfor Sande sine grenser. Kvamsøy IL har ikkje signert oppropet.

I tillegg har det som kjent også kome eit innbyggjarinitiativ mot vindkraft, eit utspel som gjer at kommunen pliktar å ta saka opp til politisk behandling.

Syner til Haugshornet-avslaget

Administrasjonen syner elles til NVE si konsesjonsbehandling av planane for Haugshornet i 2008, der ei utbygging vart vurdert til å ha større ulemper enn fordelar. Denne konklusjonen var basert på følgande vurderingar:

* Vindressurssen i planområdet var ikkje så gode som først antatt.

* Produksjonsforventningane vart lågare enn ført antatt.

* Klimatisk forhold i planområdet kunne medføre ising på turbinblad.

* Sommar- og vinterutfart i planområdet.

* Fugleliv i planområdet.

* Offentlege mynde viste til konflikt med nasjonale miljømål.