– Den som trur at Noreg kan vere Europas batteri, trur sannsynlegvis at den teslaen der kan gå på eit lommelyktbatteri.

Hogne Hongseth, forfattar og spesialrådgjevar for Industri og Energi i LO, peikar på elbilen på lerretet i Herøy kulturhus. Påstanden er sjølvsagt sett på spissen. Men samanlikninga er høgst reell, hevdar han.

Hongseth, som før han vart pensjonist, jobba mange år som infosjef i Statoil, er invitert til informasjonsmøtet for å snakke om norsk krafthistorie og om vindkraft spesielt. Han verkar sikker i si sak når han påstår at vindkraftutbygging i Noreg eine og åleine handlar om at kraftbransjen skal tene pengar på å sende norske naturressursar ut av landet – på norske forbrukarar si rekning. Han forklarar det slik:

– Vindindustri heng saman med utbygging av utanlandskablar. Effekten ser vi på straumrekningane våre. Vi betaler CO2-avgift på vår CO2-frie vasskraft. Det er ikkje særleg smart, seier han.

Kva med klimaet då? Treng vi ikkje slik fornybar energi, spør nokre.

– Kvifor trur så mange at nye kablar er eit klimatiltak? Jau, det er ganske enkelt fordi ein gjennom lobbyinnsats har etablert trua på at Noreg skal bli Europa sitt batteri. Bransjar bruker store midlar på å få forskarar til å stille opp og lage seminar og fortelje om dette – og då er det ikkje så rart at politikarar og folk flest trur på det, hevdar Hongseth. Han held fram:

– No for tida, grunngjev kraftbransjen og Statnett nye kablar med forsyningssikkerheit og klimaeffekt. Vi må slå fast at klimasaka er viktig, men då må vi bruke tiltak som verkar og som ikkje øydelegg med biverknadar, seier han.

Hongseth har stilt fylgjande spørsmål til Miljødirektoratet: «Vil økt eksport av fornybar energi fra Norge til EU gi reduserte CO2-utslipp?».

Svaret han fekk var: «Du stiller interessante og komplekse spørsmål. Spørsmålet ditt kan ikke besvares enkelt og meg bekjent har ingen i eller utenfor Norge gjort grundige vurderinger av problemstillingene du reiser».

– Burde ha stoppa i 1993

I fylgje Hongseth nådde vi det ein kan kalle «full forsyningssikkerheit» i Noreg allereie i 1993.

– Det betyr at vi, til ei kvar tid, har straum nok til alle, sjølv om det skulle bli tørrår i opptil tre år på rad. Då burde vi, etter mi meining, ha slutta å byggje fleire utanlandskablar. Men det skjedde ikkje. Allereie i 2008 fekk vi ein ny kabel til Nederland, og i 2009 vart det bygt ut ein til Danmark. No er det lagt ein til Tyskland og ein er under utvikling til England. Ein tredje, NorthConnect, er under konsesjonsbehandling. Desse tre siste er enormt store kablar, som, viss dei blir lagde – og det blir minst to av dei – vil auke kapasiteten ut av landet med 70 prosent. Då vert vi endå meir integrerte i ein prismarknad med høgare prisar enn oss, seier Hongseth.

– Raserer naturen

Kveldens andre forelesar er styremedlem Sveinulf Vågene i organisasjonen «La naturen leve». Vågene er geolog og har, nett som Hongseth, lang erfaring frå oljebransjen, der han jobba som geofysikar. Mellom anna har han forska ein del på lydforplanting og støy i samband med vindturbinar.

Ifølgje Vågene er det ikkje noko anna land der vindkraft verkar meir øydeleggande på naturen enn i Noreg.

– Det er på grunn av vår fantastiske natur. Inngrepa kan ikkje førast tilbake, seier han, og siktar mellom anna til sprenging av fjelltoppar, utbygging av vegar for anleggstrafikk og mykje meir som må på plass om ein skal etablere vindturbinparkar.

– NVE legg til rette for gigantiske naturinngrep utan at konsekvensane er belyste for det norske folk, seier han.

På Sunnmøre er, som kjent, eit område frå Vanylven og Gurskøya til Hareidlandet aktuelt for vindkraftutbygging.

– Her er mykje vind, som gjer at kraftutbyggarane vil sikle etter områda, så dei kan selje dei til utanlandske selskap og tene pengar på det, seier Vågene.

Éin ting er at vindturbinar øydelegg naturlandskap. Noko anna er at slike enorme turbinar tek livet av mykje fugl og insekt.

Hallvard Liset Slettevoll frå Gjerdsvika, som har kjempa mot vindkraft i mange år, uttala frå salen at:

– For å illustrere kor ofte vi vert førte bak lyset av NVE: Dei skreiv at det er ein myte at vindturbinar drep ørn, fordi desse propellane går sakte rundt. Det var redselsfullt å lese. Eg påpeika det for NVE. Etter mykje om og men, vedgjekk dei at det var feil, men dei hadde likevel store problem med å trekkje dette dokumentet.

– Ikkje foreineleg med reiseliv

Sveinulf Vågene synest også at lokalpolitikarane bør tenkje over kva vindkraftindustri har å seie for reiselivsnæringa.

– Her på Sunnmøre sit de på ein utruleg naturressurs – eit særs godt produkt når det gjeld reiseliv. Og no kjem også snart Havila Kystruten, som skal drivast frå Sunnmøre. Ingen ønskjer å sjå 250 meter høge vindturbinar bortover fjelltoppane. Så her må vi passe på så vi ikkje øydelegg det produktet vi har.

Hemmeleghald og splitting

Så langt har minst 28 kommunar sagt klart nei til vindkraft, og lista veks stadig, skal vi tru NVN.

– Det er ei god avgjerd å ta, for har du sagt at du ikkje vil ha vindkraft, så slepp kommunen lokal splitting, seier Vågene.

Han hevdar at utbyggarane tyr til hemmeleghald i prosessen med å få grunneigarar med på laget, før dei – når dei har fått underteikna nok kontraktar – går til kommunen.

– Denne hemmeleggjeringa skaper stor frustrasjon og splitting. Det vert nabo mot nabo, familiemedlem mot familiemedlem. Folk har sag til meg at dei synest det er veldig tungt at forholdet til naboen forfell, seier han.

Også styreleiar John Ivar Myklebust i NVN, påpeikar dette med hemmeleghald:

– Tenk dykk situasjonen: Her kjem eit utbyggarselskap med mange millionar kroner, og så har du ein grunneigar med eit område som ikkje vert brukt til noko. Han får tilbydd kanskje éin million kroner i året, og så får han beskjed om at han ikkje får lov til å diskutere det med nokon.

Myklebust påstår også at kjenner til at ein i Vanylven allereie har byrja å få slike hemmelege avtalar med grunneigarar rundt omkring.

– Det som står i desse avtalane er mellom anna at du ikkje har lov til å snakke om det til nokon, og du kan bli stilt økonomisk ansvarleg dersom det vert bevist at utbygginga stoppar opp på grunn av lekkasje og så vidare.

– Miljøkriminalitet

Etter føredraga, var det opna for diskusjon mellom dei frammøtte. I salen sat mellom anna rådmannen (han gjekk før diskusjonen starta) og fleire lokale politikarar. Ei av dei som tok orde, var Kaja Runde:

– Når ein ser vekk ifrå kroner og ørar og tenkjer på noko så enkelt som Grunnlova sin paragraf 112 (miljøparagrafen, red. mrk.). Korleis kan NVE gjere alt dette utan at det får konsekvensar?

Myklebust svara:

– Ja, det er uforståeleg. Er eg uheldig og lekk smørjeolje frå båten min og ut i sjøen, kan eg fort få ein bot. Men her sit NVE og godkjenner dei største naturinngrepa i Noreg gjennom tidene. Det vil vere den største miljøkriminaliteten som nokon gong har skjedd.

Felles utsegn mot vindkraft?

Motstandsmann Martin Endresen tok til orde for at alle kommunane på søre, inkludert Vanylven, utarbeider eit felles framlegg mot planane om vindkraftutbygging.

– Eg utfordrar politikarane her i kveld på at Herøy kommune kan gå i bresjen for eit felles nei mot vindkraftutbygging, sa han, til spontan applaus frå salen.

Det var ein idé John Myklebust hadde stor sans for.

– Den dagen ein får til noko slikt, trur eg alle kan få skuldrene ned. Det er eit så kraftig signal til sentrale politikarar at dei ikkje kjem til å gjere noko som helst, trur han.

Orienteringssak i lokalpolitikken

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad opplyser ovanfor Vestlandsnytt at administrasjonen i Herøy kommune førebur ei sak om vindkraft til formannskapet 11. juni og til kommunestyret 20. juni.

– Om det vert noko meir enn ei orienteringssak, kjem an på kor langt vi klarer å kome. Det må eg drøfte med sakshandsamaren. Men det skal iallfall bli ei sak som dei folkevalde har høve til å diskutere, seier han.

* Vestlandsnytt vil prøve å få NVE til å lese gjennom denne saka i tilfelle dei vil kommentere ho på eit seinare tidspunkt.

Hadde du ikkje høve til å kome på møtet?  Inger Johanne Saunes filma det i sin heilskap. Du kan sjå opptaket under.