Gruppa, ved leiar Kjell Mork Soot frå Hareid, går no ut og informerer om situasjonen.

– Vedtak om vindmøller i Sande er ei så alvorleg sak med tanke på det biologiske mangfaldet at politikarane bør seie klart nei, heiter det i eit konkret utspel som er retta særskilt til den komande kommunestyrebehandlinga i Sande.

Mork Soot slår fast at vindkraftutbygging på Gurskøya kan reknast som ein trussel mot fuglelivet.

Ringmerkingsgruppa har drive med trekkfuglforsking i meir enn 60 år, og har soleis eit godt grunnlag for å uttale seg.

Hubro kritisk truga

På Sunnmøre er hubroen nær utrydda, men i Sande er det eitt par i Gjerdsvika og éin einsleg hann på Sandsøya. Elles på Sunnmøre er det berre éin einsleg hann på Fjørtofta.

– Vindmøller i fjellet, mellom anna på Gurskøya, Hareidlandet og Vanylven, vil kunne vere slutten for den arten også i Sande. Situasjonen er så alvorleg at det er nok at éin fugl i paret i Gjerdsvika blir slått ut, så er arten etter alle soleteikn utrydda på Sunnmøre, heiter det frå ringmerkingsgrupa.

Dei fryktar vindkraftutbygging vil vere medverkande til at det skjer det same med hubroen som med den utdøydde geirfuglen i si tid.

Andre artar

Når det gjeld smålom, hekkar han i vatn høgt til fjells, og dei fiskar i sjøen.

– På deira ferd til/frå fiskeplass i sjøen og hekkeplass vil dei vere svært utsette for kollisjon med vindmøller. På Hareidlandet er der om lag tre revirhevdande par, og på Gurskøya det same. Lomane er blant dei mest utsette med tanke på vindmøller. Vindmøller kan bli spikaren i kista for den arten på desse lokalitetane. Det kan nemnast at ein storlom frå Sykkylven blei drepen av vindmølle på tyskekysten.

Når det gjeld gjess, får området vårt mellom anna årleg vitjing av kvitkinngås, som kjem heilt frå Svalbard.

– Desse artane trekker ofte over fjella der vindmøllene vil vere ein fare for desse trekkfuglane.

Ringmerkingsgruppa trekkjer også fram songsvana, som siste åra har etablert seg som hekkefugl mellom anna på Hareidlandet og Gurskøya. Hekkinga føregår på fjellet.

Elles er det ei kjensgjerning at bestanden av fleire måseartar er på veg ned. Nokre artar er raudlista, og ringmerkingsgruppa meiner vindturbinar vil verte ein alvorleg trussel for dei.

Rovfuglar

Kjell Mork Soot er også uroleg for korleis vindturbinar vil slå ut for havørn og fjellvåk.

– Desse går på oppvindar akkurat som måsane gjer og vil vere sterkt utsette for vindmøller, heiter det mellom anna i innspelet som altså gjeld søre luten. Det vert også nemnt at vindkraft vil vere utfordrande for den vesle bestanden med kongeørn.

Storjoen er eit kjent innslag på Runde, men også på andre øyar. Også her vert det uttrykt vindkraftrelatert bekymring.

Ein skule kanskje tru at vadefuglar generelt held seg nede og ute i havgapet. Men ringmerkingsgruppa har dokumentert at vadefuglane på si ferd dreg over Hareidlandet og Gurskøya.

– Står der vindmøller, seier det seg sjølv kva resultatet blir. Det same har vi sett i Porsangerfjorden i Finnmark, heiter det mellom anna i innspelet.

Også gråtrast og raudvengetrast kan stå i fare for å bli offer for vindturbinane, meiner ringmerkingsgruppa, som har observert korleis trastane spreier seg i flokkar over lokale fjell og gjerne trekkjer om natta.

Såkalla vinddrivne sjøfuglar er også utsette. Ringmerkingsgruppa påpeikar generelt at trekka gjerne skjer om natta.

Sunnmøre Ringmerkingsgruppe er også opptekne av flaggermus, som overvintrar i steinurder over tregrensa. Desse er sterkt utsette for vindturbinar.

– Ein enkelt vindturbin vil drepe fleire hundre fugl i året, framheld ringmerkingsgruppa.