Oppfylgjing av ferjekatastofen på rute 1066 Larsnes, Åram Voksa, Kvamsøy. Sandsøy og Voksa grendalag representerer innbyggjarar på Sandsøya og Voksa. Sandsøy og Voksa næringslag representerer næringslivet på sandsøya og Voksa.

Vi takkar for å omsider ha fått informasjon utover det vi har skaffa oss i media. Vi er glade for at det endeleg vart ei ordning på katastrofen, men vi er svært kritiske til at det vert framlagt som ei fantastisk ekstrateneste for øyfolket i Sande at vi etter fleire dagars «isolasjon» får i sving ei ferje i sambandet, der det verkar som om vi skal takke og bukke og nærast sende blomster til samferdselsavdelinga på fylket og reiarlaget som har anbodet på ruta vår for vel utført arbeid.

Øyfolket betalar skattar og avgifter som anna folk, vi betaler vegavgifter som anna folk. Vi forventar at samferdselstilbodet fungerer slik det er sagt. Vi forventar at vi vert tekne på alvor når vi ber om meir informasjon, og ikkje berre vert avfeia med tausheit. Vi forstår at det ikkje alltid er enkelt å kome med eintydige svar, men vi forlangar å verte halde løpande orienterte om saker som påverkar samfunnet vårt på ein så alvorleg måte som dette gjorde.

I grove trekk gjekk dette hardt utover den generelle tryggleiken, med tanke på liv og helse, næringslivet fekk ekstra økonomisk belastning og redusert kvalitet på varer, og fleire tusen liter mjølk vart kasta i sluken! Ikkje berekraftig på nokon som helst slags måte!

Vi kan ikkje finne oss i at vi i etterkant av ei sak, der vi med sjølvsyn ser at ei gammal reserveferje kjem inn i ruta skal få tilsendt ei pressemelding der det nesten er stjerner, flagg og applaus i margen!

Handteringa av denne saka står til stryk, fram til næringslivet, Sande kommune og lokalbefolkninga sette kniven hardt mot strupen på dei ansvarlege! Det er ok å jobbe godt under press, men i dette tilfellet skulle det ikkje vere naudsynt med press.

I slike tilfelle veit ein god forretningsførar at der må vere ein klar plan B, og endåtil ein plan C for å raskt kunne løyse ein slik floke. Ein fabrikk kan ikkje stanse fordi ei ferje har fått havari, ei heller ikkje når reserveferja har havari. Her må dei ansvarlege ha ein reserveplan på reserveplanen, eller så gjer dei ein for dårleg jobb.

Vi vil rose lokalavisa Vestlandsnytt, næringslivet og Sande kommune for undersøkingane og dei spørsmåla som vart stilte inn mot fylkeskommunen og reiarlaget. Vi veit at hovudfartøyet OS har hatt mykje problem den seinare tida. I denne moderne verda har dei aller fleste tilgang til AIS, og vi har sett at bilferja Os har ligge i fleire dagar ved Breivik kalkverk etter at den fekk havari laurdag 13 januar.

Vidare fekk vi melding om at reserveferja Kvam hadde fått tekniske problem søndag 14 januar. Er det ikkje naturleg å starte ein prosess litt raskare når ein veit ein har sårbart materiell?

Vi forventar at denne katastrofen vert evaluert, at alle steinar vert snudde og at de får på plass trygge løysingar for at vi for ettertida kan ha tillit til at dette ikkje oppstår ein gong til. Vi forventar også for ettertida svar på henvendingane vi sender. Jamfør god forvaltingsskikk!

Sandshamn 21.01.2024,

Sandsøy og Voksa grendalag, Kjerstin Sande

Sandsøy og Voksa Næringslag, Anna Kristi Skare