Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for buss- og ferjetrafikken i fylket. Dermed har fylket også ansvaret for fadesen som denne veka oppstod på ruta mellom øyane i Sande og Åram, rute 1066.

Der var det full stopp i sambandet frå seint søndag kveld og fram til onsdag morgon. På Kvamsøya tok det endå lenger tid, for der var ferjekaia knust.

Tysdag kveld varsla fylket at dei hadde fått tre reiarlag til å samarbeide om ei reserveløysing som inneber at MF Haram skulle sendast til Sande. At ein fann ei løysing vart presentert nærast som ei bragd.

Nei. Det fortener ingen premie, for det som skjedde denne veka står til strykkarakter.

Fylket syner til at strekninga har fartsområde 3 og at det er vanskeleg å finne ferjer som passar til strekninga.

Javel? Visste ikkje fylkeskommunen om dette på førehand? Finst det ingen plan B når slik skjer? Tydelegvis ikkje. Uansett kan ikkje brukarane «straffast» for at dei held til i eit litt uvanleg fartsområde.

Etter kvart som timane og dagane gjekk utan ferje, tok reaksjonane til å tikke inn frå øyfolket, i aukande og sterkare grad. Det er heilt på sin plass og forståeleg.

Ferja er der for ein grunn. Det dreier seg om varetransport inn og ut, pendlarar som brukar bil, reiser til viktige timeavtalar. Næringslivet måtte utsette avtalar og prosjekt. Bøndene tømde ut mjølka. Den viktige brannberedskapen ferja representerer, var vekk.

På møtet i Sande formannskap, midt i ferjeløysa, vart det endåtil antyda at ein burde vurdere å setje kriseberedskap.

Vi tvilar ikkje på at dei ansvarlege, anten det dreier seg om reiarlag eller fylkeskommune, prøvde å gjere sitt beste då krisa var eit faktum. Problemet er at verktøykassa er sjokkerande tom.

Hendinga på rute 1066 bør vere godt eigna for ei grundig evaluering. Det er eit minstekrav.