– Etter iherdig jobbing måndag og tysdag har det no kome på plass ei løysing for sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya. Tre reiarlag samarbeider om ferjebyter for få på plass ferje i sambandet, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune tysdag kveld.

Det skjer etter eit samarbeid mellom tre reiarlag:

  • Ferja MF Haram blir lånt ut frå Torghatten Nord til Norled og vil gå i sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya.

  • Fjord1 låner ut MF Aukra til Torghatten Nord og denne ferja vil gå i sambandet Brattvåg–Dryna.

– Det er litt av ein logistikkoperasjon som FRAM og dei tre reiarlaga no skal i gang med, men det hastar med å få i gang igjen ferjesambandet på Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya. Det er fleire bedrifter der som må få frakta fisk og råvarer som kan bli øydelagde dersom stenginga trekkjer ut i tid. Dei har ikkje omkøyringsmoglegheiter, og derfor er det viktig for FRAM å få i gang igjen ferjetilbodet, opplyser fylkeskommunen.

Kan ikkje gå heile dagen

Larsnes-sambandet opnar igjen onsdag, med første avgang kl. 06.45 frå Voksa. Ferja følger normal rutetabell mellom Larsnes–Åram–Voksa fram til anløp Larsnes kl. 19.30.

Inntil vidare, og fram til ferjekaia på Kvamsøya er reparert, vil ikkje ferja gå innom Kvamsøya. Men ho går etter oppsett ruteplan til og frå Larsnes, Åram og Voksa.

Men:

På grunn av kviletidskrav og at mannskap må bli godkjente for ferja, vil det i vil det i første omgang bli litt redusert opningstid. Avganger i rutetabellen etter kl. 19.30 blir utført med ambulanse- og samfunnsbåten MS Liv, heiter det frå fylkeskommunen.

– Vi er svært glade for at vi no har ei løysing som gir øyfolket i Sande eit ferjetilbod, seier Hilde Johanne Svendsen, seksjonsleiar for drift i FRAM.

MF Haram er elles tidlegare MF Austevoll, som i 2022 vart selt frå Norled til Torghatten Nord. Ferja, bygt i 1979, har mange år bak seg på Larsnes-sambandet.