Fredag, den 31 mars, fekk eg eit syrleg svar frå Karl Oskar Sævik. Allereie i overskrifta bomma han. Der hevdar han at eg har snakka om ei alternativ verd. Det har eg altså ikkje gjort, eg snakka om ei alternativ verkelegheit. All forsking tilseier at det er berre ei verd. Men det kan være opptil fleire alternative verkelegheitsoppfatningar. Den Karl Oskar har, om kven som vil halde igjen pengebruken, er ei av dei alternativ verkelegheitene.

Eg vil berre minne folk igjen på at hadde denne karen vunne fram, so hadde vi bygd ny bydel i ytre hamn, fundamentert ned på 30 meters vassdjupne. Det prosjektet burde ha fått namnet «Robek». Den budsjettposten ligg som ei klam hand for all vidare satsing i Herøy.

Han synest og det var morosamt at eg ikkje fekk sekretær på møta, der vi skulle diskutere innkreving av hamneutgifter. Det han unnlèt å nemne, er at eg også ville ha eit saksnummer, slik at vi kunne fatte vedtak. Saka vart sendt attende til administrasjonen av di enkelte meinte dei ikkje hadde kunnskap kring dette. Det er for so vidt ikkje alt som Karl Oskar seier eg treng å være ueinig i, men det har ikkje stoppa karen før i å vere med å fatte eit vedtak.

Herøy kommune har ein avtale med Ålesund hamn om innkreving av lovpålagte tenester som ISPS og farledavgift. Dette fungerer fint, vi får inn det vi skal etter dagens satsar for dette. Men i kontrakten står det at for dei andre tenestene må Herøy kommune drive oppsøkande verksamheit. Dette slik at vi får kartlagt kva fartøya skal utføre ved kaia, og dermed fakturere for dette. Dette gjer vi ikkje i Herøy kommune. Herøy kommune skal ikkje drive kaier på billegsal.

Vi har eit regelverk på plass. Dette regelverket treng revidering og tilpassing til vår drift. Cruisenettverket i Herøy freistar å få cruiseskip til Herøy. Prising av dette er ikkje eingong nemnd i vårt regelverk. Dette er den fyrste endringa vi må gjere, men prisinga elles er ikkje tilpassa til vår drift. For desse er det etter mi meining betre å prise tenesta ut frå bruttotonnasje på båten som nyttar kaia. Dette er fult mogleg, det er slik ein prisar for passasjerbåtar kring heile landet. Det vert lite pengar om ein krev eit cruiseskip etter bulkpris eller pr. palle. Alt dette førutset at Karl Oskar må vere viljug til å diskutere dette, og la sekretæren føre eit møtereferat med det vedtaket som får fleirtal.

Det merkelege er at dei som er imot å revidere og tilpasse regelverket, er dei same som ikkje vil bygge kaier på Mjølstadneset. So må folk gjere sine eigne tankar kring det. Men det er i grunnen toppen av frekkheit å skulle nekte å revidere regelverket, for so å skulde på alle andre av di det ikkje løner seg.

Han påstår til og med at det berre er han som har oppdaga at Herøy kommune er pressa økonomisk, det er berre han som likar mjuke verdiar, osv. Han nyttar eit billeg politisk triks med å setje opp kaier mot lovpålagte tenester. Men fakta er at alle andre stadar klarar dei å sjå på kaiene som ei inntektskjelde. Bergen hamnevesen har til og med bygd kaier i nabokommunen Lindås for å auke innteninga.

Vi er no inne i ein periode der vi blør pengar, men utviklinga må ikkje stoppe opp av den grunn. Det finst verdiar vi kan realisere om vi treng det, altså aksjane i Tussa. Situasjonen er ikkje so svart som Karl Oskar seier. Alle veit at det kjem meir pengar i revidert statsbudsjett, men om det er nok er vel spørsmålet. Alle kommunar slit no. Det er pga. høge renter og straumprisane. Regjeringa må ned i lommeboka og hoste opp meir pengar. Men løysinga til Karl Oskar er å selje Tussa-aksjane på direkten. Dei er faktisk lavt prisa no. Eit godt råd er å selje på topp, og kjøpe på botn.