Kanskje var det feil å bygge på rådhuset for å huse politiet, sett i ettertid med den prislappen det fekk. Det var då ikkje den prisen vi la til grunn når vi godkjente prosjektet. Uansett, der var det iallfall vist til inntekter å besparingar, i motsetning til kai-prosjekta der ingenting på pluss sida av likninga låg føre.

Også spesielt å bli kritisert av Frank Roy for budsjettet for 2022 som vi var ilag om. Eg hugsa forhandlingane godt, og visst Frank Roy hugsa like godt, så veit han kven som ville halde igjen pengebruken.

Kaiene på Mjølstadneset har eit potensiale, det er eg ærleg på. Men vi klarer ikkje å realisere det. Frank Roy har snakka mykje om kva alle andre hamner får til, og difor gjekk vi med på å sette ned eit utval som skulle få orden på hamneforvaltninga. Det var ein del av budsjettforliket hausten 2021. Frank Roy skulle ha ei nøkkelrolle i eit politisk utval som skulle ordne opp. Tida gjekk, og eit år etterpå var ingenting gjort. Frank Roy hadde ikkje sekretær var unnskyldninga. Administrasjonen jobba ikkje med saka på eit heilt år, fordi Frank Roy og utvalet skulle finne løysinga. Det skjedde ikkje. Til slutt måtte vi berre legge ned utvalet og be administrasjonen ta over saka, og no har dei fått jobbe i 2-3 månadar.

Eg må innrømme at det ikkje er særleg kjekt å vere festbrems for Fosnot, og eg har sagt det fleire gongar at denne kaia som no kjem sist, burde ha kome fyrst. Eg håper virkelig at dei lukkast, no når kommunestyret har bestemt at kaia skal byggast.

Kaier er ikkje ein kostnad skriv Frank Roy. Då må eg minne om at det ikkje lenger er gratis å låne pengar. Snart 100 millionar blir kaiene å koste. Renter, avdrag og vedlikehald er ein kostnad. Og skal ein tjene pengar så må hamna driftast og ta inn pengar frå bulkbåtane som laster tare, som Frank Roy skriv om. Då må ein ansette folk. Folk skal ha løn, det er også ein kostnad. Inntektene frå kaiene må altså vere større enn summen av alle disse kostnadane. Slik situasjonen er no er vi ikkje i nærheita ein gong. Noterer meg at han som vil sende faktura på 90 000kr for å laste om noke tare, ikkje er næringsfiendtleg.

Så prøver Frank Roy seg på ei enkel øving med å gonge opp snittet av personskatten og statleg tilskot med antal arbeidsplassar. Han gløymer at disse skattepengane skal gå til skule, barnehage, helse, eldre, kulturskule og alt anna kommunen driv med. I tillegg er det slik at ein må vere busett i Herøy for at Herøy kommune skal få sin del av skatteinntektene. Kvifor skal noken velje å bu i Herøy når politikarane ikkje prioriterer grunnleggane kommunale tenester? Når ungane deira må gå på brakkeskule fordi kommunen har brukt opp pengane andre plassar? Det er diverre ikkje så enkelt som du framstiller det, Frank Roy. Eg lurer på om ikkje det er du som lever i ei alternativ verkelegheit.