Grunna anna arrangement på biblioteket i Ulsteinvik onsdag blir Psykologtimen med Tomas Brandal Myklebust denne veka gjennomført tysdag kveld.

Hareid-professor

Og det er ikkje kven som helst vi har fått med oss denne gongen. Sjølvaste professor i Filosofi, Atle Måseide, frå Hareid.

– Han er ein svært så kunnskapsrik mann med brei erfaring frå ulike universitet i både inn- og utland. Med sine 80 år og filosofiske refleksjonar, er det mykje vi kan lære av han om livet, heiter det i invitasjonen til vekas Psykologtime.