Onsdag 7. september er vi klare igjen med Psykologitimen direkte frå Ulstein Arena og tek imot ein ung mann med ei ekstrem historie og livskamp bak seg, til tross for at han no berre er 25-år gamal.

Måtte amputere foten etter ulykke

15. mai 2018. Dagen starta så bra! Strålande sol frå klar himmel. Perfekt for ein flytur. Bernt Marius Rørstad frå Volda, går ut av døra heime og ropar hadè til foreldra Hege Karete Hamre og Oddvar Bjarne Rørstad. Målet for dagen er å hoppe frå Hoven i Loen saman med kompisane i ekstremsportmiljøet. Frå 1011 meter skal dei speedride utfor fjellet, suse ned langs fjellsida med berre ein styrbar skjerm festa til kroppen. Dei jaktar etter fridom og adrenalinrush.

Det vart fleire fantastiske hopp på Bernt Marius denne dagen, men det siste endra livet hans totalt.

Han fekk eit par sekund med ekstrem følelse av fridom, før den raskt vart snudd til smerte og redsel. Plutseleg turbulent luft førte til at skjermen hans kollapsa og Bernt Marius styrta rett i bakken. Med beina først.

Det bar rett til Haukeland Sjukehus i Bergen for eit lengre sjukehusopphald med opptrening. Den eine foten vart så hardt skadd at legane ikkje klarte å redde den. Bernt Marius måtte amputere.

Bernt Marius har alltid likt fysisk aktivitet og det å eksperimentere med nye aktivitetar. Gjerne då dei som går veldig fort. Tanken på å ikkje få drive med ekstremsport og skikøyring igjen stakk djupt, men frå sjukesenga bestemte han seg for at dette ikkje skulle knekke han. Han skulle kome sterkare tilbake.