Tidlegare i vinter overkøyrde Helse Midt-Norge vårt regionale helseføretak og gav beskjed om at Helseplattforma skal innførast på sjukehus- og spesialistnivå.

Mange opplevde prosessen som inngripande, som om det omstridde journalsystemet på død og liv skal innførast, koste kva det koste vil både i kroner og vanskar – med påfølgande fare for pasientsikkerheita.

No er tida komen for endelege avklaringar rundt kommunane sin bruk av Helseplattforma. Kommunane sin bruk av plattforma gjeld eigentleg berre ein brøkdel av det helseføretaket skal innføre, men like fullt: Det handlar altså om å etablere eit system på kommunalhelsenivå som kan snakke med systemet i sjukehusa. Isolert sett er det sjølvsagt viktig.

Det heilt spesielle når det gjeld Helseplattforma er at legane, også kommunenivå, er skeptiske til det nye journalsystemet. Kommuneoverlege i Sande, Asta Sileikiene, har nyleg gått hardt ut mot Sande kommune sine planar om å seie ja til å innføre systemet. Sileikene har caps lock-en på når ho kjem med sine åtvaringar.

Faktisk har ho slått fast at det er stor fare for at Sande legekontor vil stå utan legar om systemet vert innført.

Det er sjølvsagt ord å merke seg, og no er vi spente på kva legane i Herøy seier om den eventuelle innføringa. Kommunedirektørane i regionen er positive til innføringa, og det skal vi sjølvsagt også ha respekt for. Men vi har sett e-postutvekslingar frå kommunedirektørkollegiet der antydningar frå enkelte om å ha eit alternativ til Helseplattforma, vert kritisert. Openheit er viktig, ikkje minst i ei slik sak.

Helseplattforma er ei skute som har segla så langt at ho har kome langt inn i «vedtaksland», meiner mange. På same tid er det ingen skam å snu, viss systemet fører til negative konsekvensar for tenester og pasientar. Ei vanskeleg sak er i ferd med å nærme seg oppløpssida.