Frå gresk mytologi har vi høyrt om den trojanske hest som hadde skjulte soldatar i magen. Med denne metode smaug dei seg inn i Troja, og opna byportane for ein angripande hær.

Sande Kommune står no i ein liknande situasjon med saka som omfattar ei mogleg innføring av den såkalla HELSEPLATTFORMA – eit datateknisk journalsystem som har lova ei forbetring av samhandlinga mellom helseetatar og sjukehus mellom anna.

Kva er kjernen i Helseplattforma?

Dette starta som eit dataprogram utvikla i USA for mange år tilbake av eit amerikansk selskap som i dag heiter EPIC.

Dyktige amerikanske seljarar klarte å få både Helse Midt og fleire kommunar til å kjøpe eit uferdig produkt, som dei ikkje fekk prøve ut før kontrakten var signert.

Avtalane med kommunar fører til medeigarskap i fellesselskapet Helseplattformen AS.

Dette medeigarskapet medfører risiko for «aksjonærane», ved at uventa framtidige kostnadar kan krevjast inn frå eigarane. Modellen er svært uvanleg. Til alt overmål er avtalen med amerikanarane den programvareleverandøren basert på amerikansk rett og verneting. Normalt inngår ikkje norske firma slike kontraktar, og vil gjere det svært vanskeleg og kostnadskrevjande å kome seg ut av kontrakten. Eller som styreleiaren i Helse Midt Norge- Odd Inge Mjøen uttalte – at «det er ingen veg tilbake.»

Roseraudt bilde av verkelegheita og bondefanga kommunar

I kommunestyremøte på Larsnes den 13. februar vart Helseplattforma presentert for politikarane av Frode Bringsvor. Presentasjon bar preg av einsidig og unyansert framstilling, reine vekkelsesmøtet.

Vanylven kommune takka ja til å verte prøveklutar, ved at dei har fått programmet nærmast gratis, og vert kompenserte økonomisk på fleire vis. Det kan ikkje Sande rekne med. Tvert imot.

Vanylven har mellom anna referert til gode erfaringar ved Øya Legesenter i Trondheim i sin presentasjon den 1. mars for Sjustjerne møtet. Men eg har også fått referert eigne erfaringar frå Øya Legeseneter. Trondheim. «Ingen lækjarar er nøgde med systemet, og vil bytte til anna system».

Samtidig har vi fått informasjon frå tillitsvalt lækjar i Vanylven at 75 % av lækjarane der vil ikkje fortsette å nytte dette nye systemet.

Helse- og omsorgssektoren i Kristiansund har også flagga sin frustrasjon over Helseplattforma som system. Sjå artikkel vedlagt, saman med ei rekkje andre.

Tallause faglege åtvaringar

Ei lang rekkje institusjonar og fagmiljø har kome med svært klare advarsla mot innføring av dette systemet.

Desse er: Styret i Helse Møre og Romsdal, direktøren ved St-Olavs Hospital, Legeforeninga, tillitsvalde og verneteneste ved sjukehus i fleire fylke, Helsetilsynet, Folkehelseinstituttet, og ei mengde medisinske fagpersonell.

Rapportar frå Danmark gjev system strykkarakter, og Finland som vurderte å ta det i bruk – forkasta innføringa. Det same gjeld for fleire av dei folkerike fylka også i Norge.

I fylgje Helsetilsynet set Helseplattforma pasientsikkerheita i fare, aukar kostnadane, og fører også til dårlegare effektivitet i helsetenestene.

Også politisk er Helseplattforma no eit tema som er oppe i Stortinget i desse dagar. Vi kan fort kome i den situasjon av helseministeren ser seg nøydd til å skrote heile systemet.

  • Store økonomiske konsekvensar: Svært dyrt og uferdig system, som gir oss store og uventa kostnadar. Vi har nettopp innført tilsvarande nytt datasystem PriDoc. Dette er etter det vi har høyrt rimeleg økonomisk, det fungerer heilt fint, og vi har raskt lært oss å bruke det.

For Sande Kommune, som mange andre med avgrensa økonomiske- og personalressursar – bør ei stor uoversiktleg investering som dette – vere uaktuelt.

  • Datateknisk utgått på dato: Tidlegare generalsekretær i IKT Norge (interesseorganisasjonen for alle datatekniske firma i landet vårt) Hoff har uttalt at «Dette systemet vil aldri bli brukarvenleg, og det vil krevje mange milliardar kroner å få det tilnærma feilfritt..»

  • Ressursbruk: Fører til dårlegare totaltilbod for innbyggjarane. Brukar meir tid på data enn på pasientar.

  • Rekrutterings- og personalproblematikk: Systemet har vist seg å føre stor frustrasjon ag misnøye mellom dei som skal bruke det.

  • Pasientsikkerheit: Det er allment kjent at feil og manglar ved systemet truleg har ført til unødige lidingar og dødsfall i regionen.

Brukarar klagar – men har fått munnkorg!

Systemet er tungvint å bruke, lite intuitivt, krev svært mykje opplæring, er mangelfullt og med klare feil. Så langt er det berre lækjarane i Vanylven som prøvar ut systemet i Møre og Romsdal- Besluttninggrunnlaget er dermed syltynt!

75 % av lækjarane der – uttrykkjer seg svært negativt om erfaringe sine, og ønskjer å avslutte bruken av systemet. Men det er sikkert ikkje enkelt … Kontraktene fangar dei nemleg!

Ingen doktor vil akseptere å arbeide under dette systemet.

Dermed er det stor fare for at Sande Legekontor kan stå heilt utan lækjarar om systemet vert innført.

Medisinfagleg råd til Sande kommune

Som lommuneoverlekjar i Sande, ser eg Helseplattforma som eit dysfunksjonelt og mangelfullt IT-system som får negative konsekvensar for helsepersonell, pasientar og skattebetalarar i kommunen.

Destruktiv digitalisering som dette – påverkar pasientsikkerheita, økonomi, arbeidsmiljø, og behandlingskvaliteten i tenestene.

Der finst betre og rimelegare alternativ som er mindre ressurskrevjande, og som er meir framtidsretta teknisk og brukarvenleg. Det er difor mitt klare råd at ein avviser innføringa av Helseplattforma no og i framtida i Sande Kommune. Med venleg helsing Asta Sileikiene Kommuneoverlekjar i Sande kommune