Nyheita om oppkjøpet blei offentleggjort på ei pressekonferanse i dag.

- Med kjøpet av Hotel Raftevold får vi ein god reiselivsakse mellom Fosnavåg, Ørsta og Hornindal der vi kan tilby fjell, fjord og fjøre, seier Hege Sævik Rabben og Vegard Sævik i ei pressemelding.

Havila Holding tek over drifta av hotellet frå 2. mai, men tidlegare eigar Jens Brokmann blir fortsatt med ei tid som vertskap i lag med staben som er på hotellet.

Ettertrakta reiselivsregion

Framover skal det satsast vidare for å mellom anna utvide og forlenge turistsesongen. Hotellet ligg nær både skitrekk og langrennsløyper, og det er mellom særprega og fordelane som dei nye eigarane håpar å kunne nytte seg av i sterkare grad. Dei gler seg over å kunne ta over eit hotell med god drift og gode moglegheiter.

- Hotellet ligg midt i ein ettertrakta reiselivsregion med kort avstand til ei rekke store turistmål. Dei siste åra har hotellet pussa opp alle roma. Drifta er god og der er mange bestillingar både for i år og neste år.

Havila Holding har alt erfart nytten i samspelet ved å ha to hotell i regionen. No styrkar dei synergiane med det tredje.

- Vi har meir å spele på inn mot dei store reiselivsaktørane og hotella kan også drage gjensidig nytte av kvarandre ved å samarbeide på ulike område.

- Vemodig å selje

Jens Brokmann har eigd og drive hotellet dei siste åra. Han skal etterkvart flytte tilbake til familien i Tyskland og seier det er vemodig å selje, etter år med god utvikling og dobla omsetning.

- Men å selje til Havila Holding betyr ei god og trygg framtid for hotellet, bygda og dei tilsette. Eg valde ikkje det høgaste bodet, men tenkte på korleis hotellet skal drivast og utviklast. No får hotellet nye eigarar som er med å ta eit samfunnsansvar, seier han i pressemeldinga.