Det skriv hotelldirektør Günther Dahler i ein e-post, som gjekk ut frå hotellet laurdag.

I løpet av sommaren vil han nemleg gå over i ny jobb for Havila Holding, der han skal jobbe med deira satsing innanfor reiseliv og turisme.

Havila Holding har mellom anna ein viktig del av eigarskapet i Thon Hotel Fosnavåg.

– Så eg er veldig glad for framleis å kunne vere tett på hotellet fremst i havgapet. Min kontorplass blir på Mjølstaneset, skriv Dahler.

Ser etter etterfølgjar

Thon Hotels er allereie i gang med i sjå etter ein ny direktør for hotellet i Fosnavåg, ifølgje e-posten.

I normal drift

Hotellet vil halde fram i normal drift framover.

– Vi har ein spennande og travel sommar framfor oss – og det likar vi, skriv hotelldirektøren. Thon Hotel Fosnavåg har hatt ei fin utvikling trass i at dei økonomiske vanskane i offshoresektoren sette inn ikkje så lenge etter at hotellet opna for fire år tilbake.