Representantar frå kongehuset har ved fleire høve vore på besøk til Sande sine nabokommunar opp gjennom åra, men Sande har altså vore ein tilnærma «kvit flekk» på kartet.

Fram til no.

Onsdag kjem kongeskipet gjennom Åramsundet og set kursen for Landsbyen Larsnes, der ordførar Olav Myklebust og resten av sandssokningane står klare til å ynskje Kong Harald og Dronning Sonja velkomen. På Rådhusplassen vert det etter alle solemerke eit yrande liv med festkledde folk som med hurrarop og breie smil vil ta godt imot kongen og dronninga.

Det er all grunn til å kjenne si besøkstid. Sande kommune har lagt opp til eit utandørs program med song og skodespel, skjemt og alvor. Og Hans Majestet Kong Harald skal halde tale på kongetribunen som er sett opp i kryssingspunktet mellom Rønneberghuset og rådhuset.

– Vi skal få fram eit tverrsnitt av det som kjenneteiknar oss i Sande, seier ordføraren i eit intervju med Vestlandsnytt framfor kongebesøket. Her framhevar han særskilt frivilligheita, og det eit veldig godt poeng. I vesle Sande er det ikkje berre tradisjon for dugnad og frivillig arbeid, men det er faktisk også avgjerande for at hjula skal gå rundt i bygdesamfunna.

Så – sandssokningar og andre som lurer på å ta seg ein tur: Finn fram flagget og finstasen. Om nokre dagar kjem vårt kjære kongepar på besøk. Ta godt imot dei!