Tidlegare denne veka kom nyheita om at det tradisjonsrike skipsverftet Havyard Leirvik ved Sognefjorden er selt. Eit verft som tidlegare var 100 prosent eigd av Sævik-familien, kjøpt i 2000 frå Kværner Gruppen.

Dei seinare åra har Sævik-familien selt seg betrakteleg ned i verftet. At det kjem nye eigarar på bana no, er i og for seg ikkje noko enormt stor nyheit her på Nordvestlandet. Det spesielle er likevel kven den nye eigaren av verftet er. Det er nemleg Tersan Shipyard i Tyrkia.

Det seljande selskapet, Eqva ASA, har naturleg nok ikkje signalisert nokon skepsis offentleg, mot å selje til det tyrkiske selskapet. Styreleiar Even Matre Ellingsen seier at dei er trygge på at Tersan vil bli ein sterk ny eigar med strategisk interesse for å halde fram den stolte industrielle tradisjonen sin.

I ein kommentar til næringslivsavisa nett.no seier styreleiar Asle B. Strønen i Norske Skipsverft seg skeptisk til transaksjonen. Det på bakgrunn av at tyrkiske verft har betre vilkår, og då snakkar vi skattar og avgifter, enn norske verft. – Det er eit paradoks at ei bedrift i ein verftsnasjon vi meiner ikkje konkurrerer på like vilkår med vår nasjonale, endar opp som verftseigar i Norge, seier Strønen.

Det er ord å merke seg frå Strønen. Det tyrkiske selskapet står sjølvsagt fritt til å kjøpe eit norsk verft, som dei truleg vil nytte som verft for ferdigutrusting, altså ein byggeprosess frå A til Å.

Det skjer samstundes som norsk næringsliv og norske bedriftseigarar i stadig aukande grad fortvilar over skatte-og avgiftsnivået. Dei opplever motbør hos statlege institusjonar til å få støtte til enkle enøk-tiltak som vil vere gunstige for driftsbudsjettet og bra for miljøet, for å nemne ei enkeltsak.

I samband med oppkjøpet ved Sognefjorden vert det også varsla at Tersan har klare ambisjonar om å styrke sin posisjon i Nord-Europa. Er dette første steget på ei ny bølgje av utanlandske oppkjøp av norske verft?