På ein prisverdig måte har kommunestyret vedteke «Etiske prinsipp for politikarar og tilsette i Herøy kommune». Kjerneverdiane er «Respekt. Tillit. Samhandling.» Serviceplakaten fortel at som tillitsvald og tilsett skal du mellomm anna vere imøtekomande, tilgjengeleg, møte alle med respekt, du skal halde det du lovar, du skal halde fristar og du skal ikkje drive med usakleg forskjelsbehandling.

Herøy kommune har utarbeidd eit fint «kompass» for sine tilsette som stakar opp ei retning alle kan applaudere. Det er slik vi vil verte møtt av kommunen, enten som brukar av kommunen sine tenester eller som tilsett i kommunen.

Bak denne litt «polerte» overflata er der ein kvardag som viser at Herøy kommune har ein veg å gå før kjerneverdiane vert realisert overfor alle.

Ein leiar sette i verk hemmeleg og ulovleg registrering av arbeidstid for ei gruppe tilsette. Medarbeidarar vart pålagde å føre slik hemmeleg registrering. Dette pågjekk i ca. 3 månadar, og stoppa ikkje før denne gruppa tilsette tilfeldig vart gjort oppmerksam på det av ein medarbeidar som fekk dårleg samvit. Herøy kommune har ikkje funne grunn til å beklage dette.

Ein vikar på kontrakt fekk SMS eit par dagar før kontrakten gjekk ut om at det ikkje var nokon jobb til vedkomande vidare. Nokre dagar seinare viste det seg at vikariatet var gitt til ein annan ny vikar. Etter at fagforeninga engasjerte seg, måtte Herøy kommune erkjenne at dette var brot både på lovverk og tariffavtaler. Herøy kommune måtte betale erstatning for tapt inntekt. Den som klaga vart likevel ikkje tilboden fleire vikariat, med grunngjeving at ein ikkje hadde behov for vikar lenger, noko som bevisleg er feil.

Ein tilkallingsvikar vart kalla inn pr. SMS til eit møte med sin leiar. Kontrakten vart avslutta der og då utan at vedkomande fekk ha med seg ein tillitsperson slik lova krev. Herøy kommune har seinare beklaga denne feilen, og gitt erstatning for tapt inntekt.

To leiarar har kvar for seg hevda at Herøy kommune har skriftleg fastsette rutinar for korleis arbeidsavtaler skal avsluttast. Trass gjentekne forespørslar om få disse tilsendt er dei ikkje motteke. Ein seinare gjennomgang av kommunen sitt kvalitetssystem viser at slike skriftlege rutinar ikkje finst.

Ein vikar vart utsett for negativ omtale av medarbeidarar utan sjølv å vere til stades. Dette fann stad i påhøyr av bebuarar som vedkomande arbeidde for. Då leiinga vart gjort merksam på dette gjennom formelt varsel, vart dette beklaga, og dei etiske prinsipp vart gjennomgått med dei tilsette.

Herøy kommune har nekta å lage referat eller protokoll frå møter der begge partar sine synspunkt og merknadar vert teke med. Herøy kommune har laga sitt referat, og evtl merknadar frå den andre part skal berre vere eit vedlegg til kommunen sitt referat. Dette er i strid med dei rettar ein part har etter forvaltingslova.

Ein leiar lovde å kome attende med møtedato for å gjennomgå eit slikt referat. Rådmannen valde å konkludere saka utan at den avtalte gjennomgangen av referatet var gjennomført. Leiaren som lovde å kome attende med møtedato har etter 4 månadar fortsatt ikkje meldt seg.

Dei hendingane eg gjengir her er dokumenterte og rådmannen er kjend med dei.

Eg er uroleg for at det eg har fått sett den seinare tid, berre er ein liten flik av eit større bilde.

Det er prisverdig at Herøy kommunestyre er så tydeleg på kva kjerneverdiar det ønskjer kommunen skal bygge sitt virke på. Det stakar ut ein kurs som lovar godt for både innbyggjarane og dei tilsette i kommunen dersom det vert følgd opp.

At det vert lagt politisk tyngde frå våre politiske leiarar bak eit slikt arbeid, er ei forutsetning for å lukkast.

Bjørn Martin Aasen

Svar frå rådmannen

Herøy kommune har i ettertid av innbyggjarundersøkinga i 2017 arbeidd målretta for å verte betre på etikk, service og kvalitet m.m. Dette er eit arbeid som krev forankring politisk og administrativt og som Herøy kommune i åra framover må nytte tid og ressursar på.

Dei forholda som er nemnde i innlegget frå Aasen, er alle å rekne som personalsaker og er underlagt teieplikt. Generelt gjeld at kommunen søkjer å løyse personalsaker i nært og godt samarbeid med dei tillitsvalde.

Herøy kommune har svart på klagemåla av 12.04.18 i brev av 30.04.18. Dette er som sagt personalsak unnateke offentleg innsyn, og rådmannen kan difor ikkje kommentere innhaldet i saka. Kommunen er kjend med klagar har teke saka vidare og har motteke kopi av klage til Arbeidstilsynet i brev av 14.05.18. Kommunen kjenner ikkje til om Arbeidstilsynet har svart på klaga.

Olaus-Jon Kopperstad, Rådmann.