Det kjem fram i eit innlegg frå tidlegare kommuneoverlege og politikar, Bjørn Martin Aasen, i tysdagens avis. Her legg Aasen fram ei rekkje døme på at arbeidstakarar i Herøy kommune ikkje får ei behandling som er i tråd med kjerneverdiar og kommunen sine etiske prinsipp.

– Eg er uroleg for at det eg har fått sett den seinare tid, berre er ein liten flik av eit større bilde, seier Aasen i ein kommentar til innlegget sitt.

Aasen seier at av dei forholda han peikar på, må overvaking av arbeidstakarar karakteriserast det mest alvorlege.

– Å drive med slikt er heilt hol i haudet, slår Aasen fast.

Brennheitt tema

Aasen understrekar at det ikkje er lause påstandar han kjem med i innlegget sitt, men heilt konkrete og dokumenterbare saker.

– Eg har dokument som viser alt, og det er ikkje ein einaste påstand som ikkje kan dokumenterast. Dette er eit brennheitt tema, og rådmannen er fullt informert, seier Aasen.

På spørsmål om han har inntrykk av at dette er noko som skjer i kommunane generelt, eller om Herøy står i ei særstilling, svarar Aasen at dette trur han er noko som diverre kan karakterisere kommunesektoren i det store og heile. Kor utbreidd det er, er likevel vans- keleg å vite.

Private opplevingar

– Mine opplysningar har eg etter å ha jobba i Herøy i over førti år. Det kan vere at eitt av punkta er relatert til yrkesutdanninga mi. Resten er opplevingar eg har hatt som privat- person, og mykje av det må seiast å ha kome rimeleg overraskande på meg, seier Aasen.

Politikarane må ta tak

Aasen meiner at denne ukulturen vil ein ikkje greie å få gjort noko med før det politiske systemet tek tak i det. Det er i dagens regime dette har fått utvikla seg, Når politikarane har trekt opp etiske retningslinjer, må det også gjerast vedtak som det ligg tyngde bak, seier Aasen.