Siste dagen i august kom meldinga om endringar i eigarmassen i Myklebust Verft. Inn kom i endå sterkare grad Åge Remøy med familie, Hareid Elektriske og eit familieselskap der styreleiar Kroepelien er med.

Ut gjekk mellom andre Hurtigruten og Strawberry. Og eit tysk investeringsselskap.

Både styreleiar og han som no representerer eigarskapen i snart halvparten av Myklebust Verft, Åge Remøy, poengterer at lokalt eigarskap er viktig. Lokalt har det vore spekulert litt rundt framtida til det tradisjonsrike verftet på Vågsneset, etter at varierande resultat gav grobotn for det. Men i fjor slo dei til med rekordstort pluss i rekneskapen.

Lokalt eigarskap er eit vesentleg pluss med tanke på bedrifter i eit lengre perspektiv. Ofte er eksterne eigarar utan noko spesiell tilknyting til bedrifta og staden, berre ute etter gevinst. Med fleire lokale eigarar som utgjer tyngda av eigarmassen, blir presset mindre.

Ein treng ikkje reise langt for å finne suksesshistorier der reiarar og representantar for deira selskap aktivt går inn som verftseigarar. Det har skjedd på Larsnes, der Rostein vart majoritetseigar og utviklinga skaut fart. Det er nok å kaste eit blikk mot Larsnes Mek. for å sjå at samarbeidet er godt og at framtida ser rimeleg lys.

Nyheita som kom torsdag må reknast som god. Det kan gi fornya optimisme for eit verft som har fått smake på opp- og nedturar opp gjennom åra. Myklebust Verft er kjende for godt handverk, og dei har mange kontaktar og kundar i inn- og utland. For tida er det lite med skrog til utrusting i Gurskebotn. Nybygg er eit viktig bein å stå på for kombinasjonsverftet.