Staten set kommunar som har behov for betinga godkjenning og kontroll i ein eigen bås – Robek-registeret. I dag finn vi berre to representantar frå Møre og Romsdal i den statlege «svarteboka», nemleg Rauma og Stranda.

Mykje tyder på at Sande og Herøy kan hamne i Robek-registeret neste år. I alle fall om dei siste statusane og spådomane kring økonomien i Sande og Herøy kommune held seg oppe.

På førre møte i Herøy kommunestyre, for øvrig på same møtet der Tine Storøy (H) overtok som ordførar etter Bjørn Prytz (Ap), vart det opplyst frå administrasjonen at kommunen styrer mot eit meirforbruk på opptil 40 millionar kroner.

Det i seg sjølv er ein knallhard beskjed å få før eit budsjettarbeid der ein i større grad enn tidlegare må snu alle steinar for å få til drift som er meir berekraftig. Bemanningskutt, innføring av eigedomsskatt og mogleg sal av Tussa-aksjar er mellom dei forslaga politikarane truleg må ta stilling til i budsjettarbeidet. Og så kan det verte utfordrande å ta opp meir lån, som dermed kan hindre nyinvsteringar og nysatsing som er budsjettert.

Også i Sande er det ein alvorleg situasjon, og der har kommunestyret akkurat starta på budsjettarbeidet. Tala er om mogleg endå mørkare for Sande sin del. Ein sprekk på rundt 17 millionar kroner vart antyda av kommunedirektøren nyleg.

Om dei dystre antydningane også i Sande slår til, har ein heller ikkje noko val der. Ein må til med kraftige nedskjeringar, eventuelt i ein kombinasjon med eigedomsskatt. I alle fall i teorien. Men med ny blå-blå politisk leiing på plass både i Herøy og Sande verkar eigedomsskatt urealistisk.

Korleis skal sandssokningane då skal få på plass meir inntekter? Ja, det er eit godt spørsmål. Den reduserte formuesskatten ser førebels ikkje ut til å ha gitt særleg stor effekt.

Det vert ein svært tøff budsjetthaust for dei nye kommunestyra i både Herøy og Sande. Det er ei mager trøyst at også mange andre kommunar slit økonomisk.