Mykje av mediebildet er i desse dagar prega av gjevarglede. Folk og organisasjonar samlar inn julegåver og matkasser til andre nordmenn. Ein kan likevel snu på bildet. Då må ein dessverre fastslå at saka handlar om ei svært trasig utvikling i rike Norge, der fleire og fleire rett og slett er fattige.

Det er fantastisk fint at folk styrer og steller slik at andre kan ha det brukande til jul. Likevel er det ein bakgrunn som er trist, og ei utvikling som ikkje kan halde fram. Tal frå riksmedia fortel at fleire og fleire kjem under fattigdomsgrensa, heilt «vanlege folk» – folk flest – som opplever at kostnadene vert så store at inntektene ikkje strekkjer til.

I Herøy har det over fleire år vore innsamlingar og utdelingar, både av klede og mat. Også i Sande vert det i år organisert pakkeinnsamling, og over alt er det stor gjevarglede. Vi synest Lisa Leinebø Pinheiro sa det svært så bra i ein fersk reportasje i Vestlandsnytt om arbeidet til Klede til glede:

«– Vi lever i ei tid der mange rundt omkring i verda ikkje har det bra. Sjølvsagt kan ein ikkje redde verda, men kanskje kan ein likevel gjere verda litt betre der ein bur. (...) Eg trur at om ein kan gjere jula litt betre for nokon, så får ein kanskje kjenne på den verkelege julegleda

Statsministeren sa det ikkje fullt så bra i eit intervju NRK Dagsnytt denne veka. Han streka under at vi har Nav og sosiale hjelpeordningar som sikrar at folk skal få det dei treng, og at flesteparten av mottakarane er flyktningar.

Eit i overkant politisk korrekt svar som vert litt kleint og respektlaust. Fokus bør i større grad ligge på utviklinga, dyrtid utan gode nok mottiltak. Sett litt på spissen: Privatfolk legg no andre ting til sides og tek myndigheitene sitt ansvar.

Med ønskje om ei god jul til alle, i inn- og utland.