Det kan samanliknast med å rykke opp til Obosligaen i fotball. Som vår journalist skreiv etter kampen: «No er laget mellom dei 28 beste i landet».

Det er ein fantastisk prestasjon av laget og Bergsøy Handball. Klubben har gjennom fleire sesongen snusa på opprykket som endeleg er i boks. Det har skjedd takka vere fleire faktorar.

Ein har satsa bevisst på talentutvikling, støtteapparatet består at folk med mange års erfaring frå handball, og ein har fått inn dyktige folk utanfrå, både på og utanfor bana. Alt i alt har dette leia fram til ein handballkultur med høgt nivå i alle ledd.

«Det er heilt vanvitig. Hadde du spurt meg i august, hadde eg sagt nei. Men denne gjengen er heilt fantastisk», kommenterte mangeårig Bergsøy-målvakt Oddvar Johan Roseth etter kampen. Han har vore i klubben i ti år og veit kva han snakkar om.

Lagets danske trenar John Larsen skal sjølvsagt også ha sin del av æra. Han tenkte allereie i august at det var moglegheiter til opprykk, fortalde han i sigersrusen.

Bergsøy-herrane har eigentleg rykt opp mot alle odds. Ikkje berre er det ein klubb som held til på ein relativt liten stad, men troppen har heller ikkje vore den største. På enkelte doble bortekampar har det vore svært skrint med friske spelarar. Det gjer opprykket endå meir imponerande, men det syner også at stallen treng fornying framfor den nye sesongen i 1.-divisjon.

Sist, men ikkje minst, vil opprykket opne betrakteleg større moglegheiter med tanke på sponsing frå det lokale næringslivet. Kven vil vel ikkje vere med på å støtte «kometlaget» frå Herøy?

Vi gratulerer med opprykket. Dette skal bli gøy!