Torsdag vart framlegget til statsbudsjett lagt fram. Frå vår kant av landet har særskilt vore spenning til om Stad Skipstunnel vert skrota eller framleis er med i planane til styresmaktene. Det faktum at det ligg inne pengar til førebuing av prosjektet neste år, pluss at det framleis er planlagt byggestart i 2024, må kunne reknast som ei endeleg stadfesting på at Stad skipstunnel blir realisert, i tråd med tidlegare lovnader og løyvingar. No er det ingen veg tilbake. Skipstunnelen kjem, sjølv om han blir betrakteleg dyrare enn kva som har vore anslått.

Bra for vårt distrikt, både privatfolk og bedrifter, er det også at det vert lagt opp til nye kutt i prisane på ferjebillettar. Det ligg an til ei halvering i løpet av neste år. Det vil medføre betraktelege innsparingar, til dømes for bedrifter som trafikkerer dagstøtt med små og store bilar over Hareid – Sulesund.

Vårt distrikt har mest arbeidsløyse i Møre og Romsdal, og næringslivet er til dels ekstremt utsett for ytterlegare avgiftspress. Ikkje minst har oljesmellen for nokre år sidan framleis etterverknader i verftsnæringa og mellom underleverandørar. Slik sett er auka skatte- og avgiftspress ein trussel i omstillingsarbeidet som framleis går føre seg i den maritime klynga. Den nye grunnrenteskatten som er planlagt i oppdrettsnæringa vil kunne gje uante negative ringverknader særskilt i vår region, der mange bedrifter har betydelege leveransar og satsingar retta nettopp mot akvakultur.

Førebels er det litt vanskeleg å seie kva statsbudsjettet har å seie for «vanleg folk», men auka rentenivå har allereie blitt svært utfordrande for mange privathushaldningar. For kommunesektoren kan statsbudsjettet innebere at ein går eit utfordrande år i møte, og KS har allereie vore ute og kritisert regjeringa. Statsbudsjettet er framleis ikkje vedteke, men mykje tyder på at nøkkelpartiet SV kjem til å gå med på hovudtrekka.