Vi er inne i den mest hektiske sesongen for lokale turistvertar. Nokre stadar, som på Runde, er det naturleg nok meir trykk enn andre stadar. Er du ny som turist på Søre Sunnmøre, står Runde mest sannsynleg på den berømte bucketlista.

Det er sjølvsagt bra med mange turistar, ikkje minst for dei som lever av reiseliv. I tilfellet Goksøyra lever ein med utfordringar i trafikken og spørsmål frå tusenvis av tilreisande – dagleg.

Likevel: Knut Asle Goksøyr og dei andre som no kjem med eit hjartesukk og åtvaringar om ei uheldig utvikling har heilt avgjort gode poeng. Eit telt her og eit telt der skaper ikkje store utfordringar.

Men når det kjem busslaster med turistar som skal overnatte i telt – i utmarka – kjem utfordringane. Denne veka skal det ha vore eit organisert reisefylgje på tur til Storevatnet oppe i fjellet på Runde. Det vart mange telt, meir eller mindre samla ute i utmarka. Felles for dei som reiser slik, er gjerne at dei vil ha det mest mogleg nær naturen (les: fuglefjellet) og rimelegast mogleg.

Allemannsretten gjer at alle som vil, faktisk kan bevege seg slik dei vil og dessutan overnatte der dei vil, i utmarka. Men dette med organiserte massereiser med tanke på fricamping kan utgjere eit stort problem, akkurat slik Kaja Runde og andre har åtvara mot. Allemannsretten er i utgangspunktet eit godt tiltak som sikrar at folk kan oppleve fri natur og bevege seg fritt i ope landskap.

Masseteltinga som skjedde ved Storevatnet, som vi også har sett døme på ved Mulevika, er ein tankevekkar. Spørsmålet er: Kva blir det neste? Om dette blir ein trend, er det nærliggande å tenke at det trengst ei viss form for regulering.

Korleis dette skal skje, må vere opp til lokale styresmakter, i samarbeid med bygdelaga, å avgjere. Men det bør gjerast med kløkt og vere godt gjennomtenkt.