Ei sak som har blitt stor snakkis i lokalmiljøet den seinare tida, er det temmeleg drastiske tiltaket om å legge ned fem sjukeheimsplassar ved grøn avdeling i omsorgssenteret på Eggesbønes.

Både politikarar, brukarar og folk flest har den seinare tida uttrykt undring over den varsla nedlegginga. Også til Vestlandsnytt sin redaksjon har vi fått fleire spørsmål og kommentarar til saka, som for mange verkar temmeleg uforståeleg.

På møtet i kommunestyret sist veke bad mangeårig lokalpolitikar Bjarne Kvalsvik om ei forklaring. For han verka det merkeleg at Herøy kommune går til eit slikt steg. Både med tanke på at det stadig vert fleire eldre og pleietrengande, og at ein ofte ikkje klarer å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus.

Kommuneleiinga peikar i staden tilbake på dei folkevalde, og innsparingskravet som er vedteke av kommunestyret. Heimetenestene, som er eit definert satsingsområde slik at folk kan bu lengst mogleg heime, kan ein ikkje skjere i. Då fall valet på fem sjukeheimsplassar og seks årsverk som skal vekk.

Samstundes er kommunen paradoksalt nok i ein situasjon der ein betalar høvemessig mykje dagbøter fordi ein sjølv ikkje kan ta imot pasientar på sjukehus som er utskrivingsklare.

Dessutan merkar vi oss den klare bodskapen frå 92-åringen og «omsorgstalsmannen» Magnus Myklebust, som er overtydd om at dette grepet vil koste Herøy kommune meir enn det smakar. Han trur kommunen vil trenge fleire snarare enn færre institusjonsplassar i tida som kjem.

Vi merkar oss også orda frå ein annan brukar av omsorgstenester, Geir E. Rossland. Han etterlyser fleire omsorgsplassar slik at folk kan få den pleie dei treng, om dei ikkje lenger kan bu heime.

Det er knaketider i kommunane, men det må ikkje gå ut over liv og helse. Og helse – det er eit vidt omgrep.