Resultata er positive for gründerverksemda som prøvar å skaffe legemiddelstatus for sitt silderogn-produkt. Dei meiner produktet er revolusjonerande då det har vist seg å ha effekt på hudsjukdommen psoriasis. Dette var det studien ville avdekke. Har det effekt?

I seks månader har hudlege Kåre Steinar Tveit leia studien som fredag blei presentert. 60 psoriasis-ramma deltok, der 29 av dei fekk narremedisin (placebo-gruppe). Forskarane målte medisinen sin effekten på psoriasis på mange måtar. Det primære endepunktet var reduksjon av PASI-score (ein vanleg brukt skala for å gradere alvoret av psoriasis-symptom). Gruppa som fekk silderogn-ekstrakt hadde ein gjennomsnittleg reduksjon på 32 %, mens placebo-gruppa hadde ein 8 % reduksjon. Denne forskjellen er statistisk signifikant, konkluderer studien.

– Desse resultata er svært oppmuntrande, og gir oss grunnlag til å gå vidare med planlegging av kliniske studium som skal til for å søke marknadsføringsløyve for legemiddel i Europa og USA, skriv CEO i Arctic Nutrition, Ole Arne Eiksund, i ei pressemelding.

Etter planen skal arbeidet no over i ei fase-tre studie i internasjonalt samarbeid.