Vi i FAU ved Bergsøy skule er sterkt uroa over vedtaket til formannskapet 5. desember angåande skule i lokalet til det noverande bibliotek og at biblioteket vert flytta til sentrum. Vi stiller spørsmål ved kor godt lokala kjem til å egne seg til skulebruk. Mykje, og dyr ombygging må gjerast for at arealet skal verte godkjent for bruksendring til skulebruk: ventilasjon, oppvarming, akustikk, brannsikkerheit og lysforhold.

Vi ser store utfordringar i utforming av klasserom/grupperom i forhold til dagslys og krav om dette. Vi ser i tillegg utfordringar med tanke på tidsperspektivet, og at alt skal vere klart til august 2024.

Biblioteket har ei optimal plassering i dag for barn og unge spesielt, og er lett tilgjengeleg for alle som er innom på kulturskule, symjing, idrettshall, BUA, UFO mm. I tillegg er det lett for alle skulane å gjere seg nytte av det (bhg-1-10. trinn-vgs.). No med eigen inngang er det endå betre, for alle aldrar. I tillegg er det gode parkeringsmoglegheiter ved kulturhuset.

Vi ser at det å flytte biblioteket vil vere med på å svekke totaltilbodet til barn og unge i dette området, og vi ynskjer ikkje å sjå det skje til fordel for ein tanke om byutvikling.

Vi er godt kjent med at skulen allereie i dag driv marginalt, og elevane må skyssast for å stette krava i opplæringslova. Vi vil oppmode om at de går tilbake til det budsjetterte forslaget om å leige modular for å ha eigna fasilitetar klare om 8 månader til august 2024.

Denne løysinga er òg heilt marginal, og er ei absolutt minimumsløysing i påvente av ny skule. Det bør tenkjast litt lenger enn neste skuleår då behova aukar etter kvart som andre trinn kjem.

FAU ved Bergsøy skule.