Goksøyr tek i kronikken sin opp mange tema som gjeld dei fleste tenester for born og ungdom. Nokre av desse tema er utanfor barnevernet sine ansvarsområde, eks. brot i forhold der barn er involvert, noko som er heimla i Lov om barn og foreldre, og ADHD, som er Barne- og ungdomspsykiatrien sitt ansvar.

Han brukar også omgrepet «staten» ofte, sjølv om oppstarten og vidare oppfølging i alle barnevernssaker er kommunane sitt ansvar. Dei fleste saker blir løyst gjennom hjelpetiltak i forståing med foreldre, og foreldre er også dei som melder bekymring i mange saker. Men det er ei kjent sak at ein del foreldre er misnøgde med barnevernet sitt arbeid, særleg der det er høgt konfliktnivå.

Desse sakene er krevjande både for familiane og barnevernet, og dommane i Strasbourg viser alvorlege brot på desse familiane sine rettar. Dette er noko barnevernet har teke på alvor, og det blir arbeida aktivt med dette. Så det at barnevernet ikkje tar kritikk, og at «staten» trekker på skuldrene, stemmer nok ikkje.

Barneperspektivet

I Goksøyr sin kronikk, saknar vi borna sitt perspektiv, noko som er det viktigaste i Lov om barnevern.

Born har fått stadig sterkare juridiske rettar dei siste åra, men treng ofte hjelp til å målbere sine meiningar. Dette er grunnen til at organisasjonen «Barnevernsbarna» vart stifta i 1997 av ungdom som sjølve hadde erfaringar med ulike barnevernstiltak. Dei er no ein stor og viktig samarbeidspart for mange deler av hjelpeapparatet når det gjeld å målbere born sine rettar både i enkeltsaker og barnevernet si generelle utvikling. I tillegg, er det fleire hjelpetelefonar, m.a.. 116 111, som born og ungdom kan ringe for å bli lytta til og få hjelp.

«Grunn til å tru»

Goksøyr brukar fleire gongar uttrykket «grunn til å tru», tilsynelatande for å vise kor omtrentleg barnevernet arbeider. Dette er imidlertid barnevernslova sin heimel som handlar om meldeplikt til barnevernet for offentleg tilsette. Dei har eit stort ansvar for å melde saker der det er alvorleg bekymring for eit barn. «Grunn til å tru» er den juridiske termen som er politisk bestemt som grunnlag for meldeplikt. Dersom saka etter ei undersøking er så alvorleg at barnet må flyttast ut av heimen utan foreldra sitt samtykke, er lovkrava mykje sterkare og vidare sakshandsaming mykje meir omfattande.

Kven er kritikken retta mot?

Barnevernet er ei av dei viktigaste tenestene i kommunen. Det er politikarane sitt ansvar å sjå til at tenesta fungerer og har nok ressursar til å utføre tenesta på barn og unge sine premissar.

Barnevernslova sin formålsparagraf:

§ 1-1.Lovens formål

Loven skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deres helse og utvikling, får nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid. Loven skal bidra til at barn og unge møtes med trygghet, kjærlighet og forståelse.

Loven skal bidra til at barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår.

Barnevernet er eit stort apparat, der kommunalt barnevern er førstelinje. Her er det tverrfaglege samarbeidet viktig og avgjerande for ei brei tilnærming til sakene. Så har vi Statsforvaltar sitt ansvar for å føre tilsyn med det kommunale barnevernet i alle kommunar. Vidare kjem det statlege barnevernet ved Bufetat/Barne-ungdoms og familiedirektoratet/Barne- og familiedepartementet. Og så Barnevern- og helsenemndene som også er statlege, og som fattar vedtak om omsorgsovertaking. Som siste instans har vi domstolane.

Det er difor noko uklart for oss kven kritikken er retta mot, og kven er det du meiner bør endre seg?

Barnevernet sitt omdøme

Det vi er mest urolege for, er at einsidig negativ presseomtale kan skape så stor mistillit til det kommunale barnevernet at barn som treng hjelp, ikkje får den hjelpa dei treng. Vaksne folk meiner mykje om barnevernet, særleg folk som ikkje har vore i kontakt med barnevernet sjølve. Siste undersøkinga i befolkninga (2021) viser at 63 % av befolkninga er godt/veldig godt nøgde med barnevernet. Dei som ikkje er nøgde, har gjerne sin kjennskap til barnevernet frå presse og sosiale medium ifølgje Bufdir.

Barnevernet er ei teneste som treng kvalifiserte og stabile tilsette, og usakleg og unyansert kritikk kan føre til at ei viktig teneste ikkje får dette.

Ingjerd Woldstad

Lilly Åse Skogen

Kjelder: Lov om barnevern (barnevernsloven), Barnevernsbarna.no, Alarmtelefonen for barn og unge (116111.no), NHO Geneo, Bufdir.no, Bufdir