Eg hadde som folkevalt i 24 år trua på barnevernet, familievernkontor og BUP. Tanken som hadde festa seg hos meg var at dette er objektive organ som har barnet sitt beste i lupa, og framsto objektivt i familiekonflikter. No kan vi imidlertid stadig lese om den Europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, EMD, som ved fleire høve har felt dom over norsk barnevern i barnevernssaker. Den norske stat trekker på skuldrane.

Ein opplever no at når ein person i det offentlege systemet gjer ei feilvurdering, vert denne kopiert og forstørra til lenger tida går, og til fleire som blir lagt på kopi i det offentlige lukka systemet. Det er eit munnhell som seier at når alle tenker likt, tenker ingen. Eg tenker det burde vere meir søkelys på å hjelpe foreldre og begrense situasjonen frå å hamne utanfor styring, i tråd med samfunnsoppdraget. Overgrep er sjølvsagt utåleleg, anten overgrep vert utført av private eller offentlege. Barnevernet balanserer naturlig nok på eit smalt krittstrek. At det skjer avvik er naturlig, men ikkje mindre uakseptabelt av den grunn.

Alle skal ha ryggen klar

Idag er helsesjukepleiar, barnehage og skuleverket varslarar viss ting hos eit barn ikkje er heilt transparent. Dei pliktar til å sende bekymringsmelding til barnevernet dersom dei får eit utsagn frå barn som kan tolkast i retning av eit utrygt tilvære. Desse varslarane skal/kan ikkje sile ut og gjere eigne vurderingar når eit barn seier at mor eller ein far «har utøvd vald». Eit faguttrykk barnevernet sjølve bruker på situasjonar ein vurderer som at dei har «grunn til å tru» at det er utøvd fysisk vald frå ein vaksenperson. Og det siste er at det ikkje er naturleg for barnevernet å kommunisere med desse varslarane om funn og mulege tiltak. Kanskje barnevernet etter kvart også finn det naturleg å vurdere om barnet set foreldre opp mot kvarandre for å oppnå premiering. Eit psykologisk spel frå barn ein ofte kan observere som foreldre. Er barnevernet så fylt av eigne oppfatningar at det ikkje er plass til andre sine? Eg oppfatter det slik at dei stigmatiserer fedre, og gjer dei til syndebukkar i nesten ei kvar konflikt.

Eg kjenner til fleire situasjonar i skuleverket der lærar med sterk hand held att ein utagerande elev frå å utøve vold. Dette er etter barnevernets definisjon oppdragarvold og skal meldast. Konsekvensen av å ikkje gripe inn vert ikkje vektlagt.

Når ein les artikkel etter artikkel i riksmedia, sist i VG 12 oktober 2023, er det nærliggande å trekke følgjande slutning: Barnevernet er ein ansvarspulverisert, verna maktstruktur.

Dei skuldar gjerne på andre for si manglande evne til å løyse oppgåvene dei har tatt på seg. Når ein les artikkelen om 8 tapte barneliv som følge av barnevernet si manglande evne til å løyse oppgåvene, er det vel liten grunn til å gi dei fleire oppgåver.

Foreldre i brot

Nokre foreldre står att som «vinnarar» i møte med barnevernet, i den grad ein kan sette + - merkelapp i familiekonflikter. Desse har knekt kodene om kva dei eksempelvis skal gjere, seie og påstå kring brot i eit forhold der barn er involvert. Det betyr også at dei knekker intensjonen barnevernet er sett til å ta ansvar for, nemlig barna og deira beste.

Sidan barnevernet er knytt til taushetsplikt, er dei fritatt diskusjonar med felleskapet. Dei kan berre drøfte generelle problemstillingar og distansere seg frå konkrete diskusjonar. Dei gjer mange små og store feilgrep i sakene dei jobbar med, men kjenner ikkje konsekvensen av feilgrepa på kroppen. Systemet kan bruke begrepet «grunn til å tru» meir som eit endeleg juridisk uttrykk for å forsvare sine handlingar. Etaten har etter statsforvaltaren si tolking inga bevisbyrde. Folket er dermed makteslause i diskusjon med forvaltarmakta.

Barnevernet ber ved til bålet

Det er lett å samanlikne barnevernet med ein sjølgod fotballspelar som driblar og fintar og for så å misse ballen. At fotball er eit lagspel er velkjent. Det burde det også vere for barnevernet. Barnevernet speler dessverre ikkje laget godt, men bidreg som partisk dommar, styrker konfliktnivået og heier på den utvalde til Dovre fell. Den utvaldte får gjerne fri rettshjelp med grunngjeving at ein er økonomisk ressurssvak.

Svakt kompetansenivå

Fredag 13 oktober kan ein lese om ein offentleg sektor som påfører barn diagnoser og gjer barn til evige taparar fordi dei skal medisinerast for å bli «betre» enn A4-format. Min påstand er at å gjer alle disse «gode nok» barn og ungdommar til ADHD-klientar, er ofte gjort for å tilfredsstille andre behov enn «barnas beste». Mine tankar om eit objektivt system for barnas beste står att som ein fjern illusjon. Dersom barnevernet gjer ein feil, vert denne ignorert og bortforklart.

Tilsynssak for statsforvaltaren eller?

Når ein part klagar ei sak inn til statsforvaltaren, vert barnevernet «verna» mot innsyn i sin kompetanse gjennom eit jus-konglomerat klagaren kan sjå langt etter å forstå. Barnevernet får ein svarfrist, men utan at innklagar får vite svaret frå barnevernet. Ergo er svara ofte utan verdi for klagar. Det er «grunn til å tru» at statsforvaltaren og barnevernet har ordna saka på kammerset. Det er ikkje utan grunn at barnevernet ber den som ikkje er samd om å klage nettopp dit.

Språkfelle eller hersketeknikk?

Kravet samfunnet har til forenkla språk er ikkje hensyntatt av statsforvaltaren. I ei sak om foreldrerett og tilhøve i familien har Ikkje barnevernet eller den foretrukne part krav på seg til å bevise sine påstander. Statsforvaltaren gir dei ei solid handsrekning når denne gir barnevernet den uomtvistelege retten som fell dom utan bevis. Setninga er enkel og håplaus, barnevernet har «grunn til å tru». Viss dette verna systemet seier at kartlegging av nettverket til barna er den viktigste jobben og barnevernet ikkje gjer den, vert unnlatelsen finurlig glatta over. Svaret til den arrogante stat er gjerne å plassere barn i institusjon.

Ungdom i opprør

Lokale ungdommar som i tidlegare tider laga for mykje uro i klasserommet, kunne fort finne sin drøymejobb ombord i utanriksfart, eller gjerne i fiskeri. Der måtte dei tilpasse seg i eit lagspel. Ombord fekk dei stange av seg horna gjennom tydeleg opplæring og forventingar, kanskje med rettleiing frå ein mentor. Det var gjort av erfarne folk.

Dei seinare åra måtte ein kvalifisere seg gjennom teori og meir skulegang. Mang ein praktisk anlagt ungdom vart ekstra skuleleie og hamna i «oppfølging» på NAV. Andre gir jarnet og vert sjølvstendig næringsdrivande, helst i personleg selskap slik dei ikkje måtte bruke mesteparten av livet til å skrive ut skjema til SSB eller rapportert til andre offentlige instansar. PS! Tippar mange næringsaktørar hadde fått passet sitt påskrive viss ADHD var oppfunne på 50-60 talet.

Bør Barnevernet forbli eit mynde utan ansvar?

Kanskje det er på tide å gjere som barnevernet sjølve gjer. Pulveriser etaten. Det er «grunn til å tru» at etaten er i ferd med å bevege seg inn i ei eksistensiell krise. Vi treng ikkje etatar som ikkje evner å ta «barnas beste» på alvor, men som heller er til skade og gjer barna mindre robuste i møte med skuleverket og vaksenlivet. Eg er redd denne verna maktstrukturen er ein del av eit skjult forskingsprosjekt med mål om å sjå kva reaksjonar som kjem når mottoet er: betre å gripe inn for ofte enn for sjeldan. I internasjonal leiingsfilosofi er det noko som heiter at det skal vere samsvar mellom ansvar og mynde. Her er det totalt fråværande.

Hjerneforskar Per Brodal, og barnepsykiater Charlotte Lunde har skrive bok om temaet, noko fagpersonar og ikkje minst sentrale politikarar bør lese med omhu. Nokre av funna: Vaksenstyrt læringspress i barnehagar bør avskaffast. 6-årsreforma er ei ulykke som bør reversarast. «LeIk er utvilsamt barnas føretrekte læringsform, og har enorm betydning for hjerna si utvikling». I tillegg skjer eit stadig veksande samspel mellom offentlege instansar der utskriving av antidepressiva og ADHD-medikament er løysinga. Det er mykje som tyder på at Barnevernet mest har evne til å forsterke uretten som er gjort. Å rydde i feilbehandlinga av enkeltmenneske gir rom for utvikling av svært uheldige utfall for dei som er råka av fynduttrykket «grunn til å tru». Eg tenker det finst forsking på temaet. Som politikar spurte eg ved fleire høve kva oppfølging ein tilbyr foreldre som blir fråtatt omsorg for eigne barn. Får dei oppfølging? Svaret var at ein beheld kontakten med saksbehandlar i barnevernet. Det er heilt latterlig viss dette framleis er praksis.

Sidan barnevernet ikkje er i stand til å gjere rett for seg, vil eg forslå etablering av «Norsk klientforulempingserstatning» og eit utømmeleg fond for fri rettshjelp som sikrar begge partar i ei konflikt, like vilkår i ein barnefordelingssak. Det bør også vere lovleg å saksøke barnevernet og familievernkontoret når dei gir fordelaktig «råd» til den eine parten. Det hadde vore fint om ein innførte kjønnsnøytrale vurderingar når familievern og barnevern let seg involvere i barnefordelingssaker. Det er det absolutt ikkje i dag.

Eit lite hjartesukk til slutt. Viss ADHD-diagnose er vegen til meir hjelperessursar, kan det vere på sin plass å foreslå generelt meir ressursar til skular og barnehagar. Då sparer ein barna for å ta avhengigheitsskapande stoff, eller lykkepillar, utan barnets samtykke. Denne medisineringa er vanedannande og har gitt narkotikalangarane rikeleg med rekruttering av nye kundar. Dette vert kosta under teppet.

Det finst sjølvsagt saker og situasjonar som krev samfunnet sin bistand eller inngripen. Ambisjonane staten har lagt for dagen er imidlertid lagt større enn evna til å løyse dei på folkeleg vis.